- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
377

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Du Bladstyrar!

Nord-Norig er ei Verd for seg sjølv, ukjend, aa
kalle, for oss Sørlendingar. Avleides inn-i Æventyre
ligg ho, burt-duld i Havskodde og sju-maanads Natt.
Men det skulde daa laga seg so likevel at eg fekk
sjaa ein Skimt av denne Segnheimen.

Me veit um Nordland. Og hev ein Draum um
Finnmarki. Me hev lesi Petter Dass; me kjenner
Jonas Lie. Men det er som me ikkje rett trur paa
det me hev høyrt og lesi. Nord-Norig er ein
Trolle-botn mest som i gamal Tid.

Snart gjort er det elles ikkje aa faa Kjennskap til
Norig. Dei segjer det skal vera lite, dette Lande.
Men meir enn eit halvt Aarhundrad hadde eg livt, og
flakka og fari baade hit og dit, fraa Trondheimen til
Taormina, fraa Prøyssen til Paris, og hadde endaa
ikkje sétt meir enn um Lag Halvti av Heimlande mitt.

Og endaa hadde eg drøymt um ei Finneferd fraa eg
las „Den Fremsynte".

Eg var norsk; det var mangt som var vigtigare for
meg enn aa kjenne Norig. Dessutan hadde eg sétt
ikkje lite av dette Lande. Sistpaa trudde eg i
Grunnen eg kjende det. Det hev vori Tidir daa eg kunde
tenkje paa Norig og gløyme Lande nordanum
Dovrefjell.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0385.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free