- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
378

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

378

BREV UM FINNEFERDI 1905

Norsk var eg au i det at eg „drøymde stort". Ei
vanleg Nordkapp-Ferd kunde ikkje lokke meg.
Nordkapp og Midnatt-Sol var noko Turist-jugl Det var
Vinteren i Nordland eg vilde sjaa. Den store
Æventyrnatti med Nordlysing, Maanetrolldom,
Ishavs-glim. So kunde eg taka Midnattsoli med naar det so
fall seg.

Etterkvart vart eg mindre stor paa det; tok til aa
tenkje paa ei Nordkappferd likevel. Daa kom eg etter
at berre ei Nordkappferd ikkje er nokon Smaating.
Det er likso langt til Nordkapp som til Neapel. Og
Vegen nord-yvi er stridare: Hav, og urolegt Hav.
Og dyrare: paa so lang ei Ferd maa ein halvgamall
Halvkrusling som eg hava fyrste Plass; og det er
noko anna enn tridje Klasse Banevogn. Matstelle
paa norske Eimbaatar er ikkje heller for Smaafolk.
Meir og meir kom eg til det, at eg laut vel gjeva upp
Nordland.

Men so laga det seg likevel. Med ein Gong, og
reint uventande. Og eg slog til. Eg fekk nok takke
til at eg kunde faa ei Sumarferd der upp ; og ei vanleg
Turistferd vart dette ikkje.

Ei „stor" Finneferd drøymer eg enno um. Meir
enn nokon Gong. For hev eg ikkje visst det fyrr so
veit eg det no: ein gjer ikkje Nordheimen fraa seg
paa eit Par Vikur. Han er mykje større enn ein
Sørlending trur. Det er ikkje som det etter vanlege
Skulekort — med Nordheimen i halvt Maal — kann
sjaa ut: at Nord-Norig er berre ein Halestert paa
Sud-Norig. Dessuten er denne nordre Landshelvti so
mykje mangfeldare enn me veit av. Det eg paa denne
fyrste Ferdi fekk sjaa, det var helst kor lite eg visste.

Men „vori der" hev eg daa no. Og litegrand um
denne Finneferdi lyt eg fortelja.

— Ho tok ut fraa Norigs gamle Hovudstad,
„Trondhjem" som han kallar seg no. Me fær tru han fær
rette Namne sitt att ein Gong; men no høver det visst

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0386.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free