- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
389

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

389 BREV UM FINNEFERDI 1905



Fram vilde eg. So fekk eg heller saksøkje
Riks-kassa . . .

Men fyrr eg visste Ord av var me ute or Skodda.
Fri og ljos laag Verdi som fyrr. Eit Stykke framfyri
oss laag Nordkapp-bui. Og rett fram, ende ut, liksom
i Jamhøgd med Bergflata, blaana Have. Endelaust
ut-yvi mot Vest og Nord og Nord-aust. Og yvi Have
lyste Himilen. Ljos og blaa; kvitskya i Nord og
Nordvest. Desse Skoddeskyine kjende me. Men i Kveld
saag det ikkje verst ut; kannhende Soli greidde deim.

Lage samla seg i Flokkar kring Utsalsbui,
Kongs-steinen, Keisarsteinen, men mest ikring Utsynstramen.
Ved den fann og mitt Lag seg Rom. So vart eg send
inn etter ei Flaske Vin til „Solskaali". Bui var full
av Kauparar og Handel; men Vin fekk eg, -—•
Kaiser-Champagne kann du vita; berga meg so ut att med
Flaska og nokre Glas.

Me fekk skipa oss til Rettes. Og Tala tok til.

Soli stridde med Kveldskyine. Glein sistpaa fram
gjenom ei Glenne, so me saag ei Strime av ho; me
kunde nettupp so vidt segja me saag ho. Talaren
dreiv paa; alle stirde etter Soli og ingin høyrde etter.
So klinga Orde „Skaal", og alle var med. Ikkje
uglade ropa me Hurra; noko Midnattsol hadde me
daa sétt ifraa Nordkapp.

Ein gamall vyrdsleg Mann, Doktor Koren, steig
fram og sagde endaa nokre Ord. Nokre varme Ord
um dette storfagre Lande, som dertil i desse Dagar
hadde reist seg til heil og full Fridom, og daa so
mykje meir kunde vente aa sjaa oss alle i fast
Fylking ikring seg, samla i Aalvor og fast Vilje um
det store som vunni var. Alle var med i eit nytt
samtonande tri Gongir tri Hurra; og so kom
Fedra-landssongen.

Nordkapp hev høyrt mange fagre Talur. Og sétt
mykje stort og gildt; Kongar og Keisarar og altslag.
Men mange Stundir som denne hev det ikkje havt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0397.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free