Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
388
BREV UM FINNEFERDI 1905
hadde tenkt meg. Som eit Høg-Altar under den bleike
Himilen stod det der, i ei Ro so høg at eg trur me
tagna alle. Og stille stod me frametter Dekke som
uppstellte til Bøn, med’ Baaten skar sin store Boge
rundt Nordodden av Norig.
Fast bygt, med rake Veggir og vid jamn Høgflate,
stig Nordkapp av Hav, ikkje aatkjømt nokon Stad fyrr
ein kjem eit godt Stykke inn-yvi paa Austsida. Daa
finn ein ei To som er bratt men ikkje veggbratt. Ei
ven, grasgrøn, blomerik To som ein Stige fraa Have
til Høgdi.
Det leid til „Kvelds". Baatane lagde ut, og Flokk
etter Flokk gjorde me Landgang. Ferdi bugta seg
upp-etter den bratte grøne Bergtöi som eit langt
graa-brunt Band. Og Bande tøygdest og tøygdest, til dess
det naadde fraa Strandi til Høganlofts Blaaningi.
Eller Graaningi.
For daa me kom der upp kolna me: yvi Høgdi
hadde ei tett graa Sky lagt seg som ei Skodde. Skulde
Utsyni stengjast no? I same Stundi som me naadde
fram? — Det vilde vera leidt jamvel for oss som
hadde sétt Nattsoli.
Sogur gjekk i Lage um Folk som hadde vori paa
Nordkapp og raaka Skodde og inkje fengi sjaa; um
Utlendingar som hadde fari att og fram Gong etter
Gong og alltid raaka Skodde eller Regn; um ein
Engelskmann som sistpaa hadde vori hjaa ein Sakførar
og vilja leggje Sak mot Staten for dette; — damn!
tri Gongir til Nordkapp og ingi Midnattsol; slikt kunde
aldri vera lovlegt!
Smaatt um Senn naadde me Høgdi, meir og meir
huglause. I lange Svingar tøygde Stigen seg fram
yvi Bergsletta; Skodda breidde seg kvit og kald. Eg
gav meir og meir upp Voni. Me fekk trøyste oss
med det gode me hadde havt. No var Finnetrolli ute.
Eg kjende att „Lagnaden min"; han hadde sovi nokre
Dagar; men no, i rette Stundi, vakna han. Ja, ja.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>