Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Ein Fritenkjar.
I.
Jolaftans Kvelden sat Presten Vangen med Huslyden
sin i Storstogo, som var flidd til Helgi. Paa Bordet
brann tri Ljos; eit Bilæte paa Veggen, som synte den
nyfødde Frelsaren i Betlehemsstallen, var umvunni med
ein Krans av Grankvistir. Huslyden var ikkje stor; det
var Presten og Kona hans, og Dotter hans som heitte
Ragna; og so var der ein Framandkar, Herr Balle,
Kandidat i Teologien og Hjelpeprest hjaa den Gamle. Han
var Ungkar og skulde halde Jol hjaa Overhyrdingen
sin.
Dei sat og svalla saman og venta paa fleire
Jolegjestir. Det var tvo Studentar som skulde koma fraa
Kristiania; den eine var Hans Vangen, son i Huse, stud.
theol.; den andre heitte Eystein Hauk, var Son aat
Provsten og like eins teologisk Student.
Av Talen lyddest det som Eystein Hauk nyst var
komin heim fraa ei Utlandsferd. «Det er i Rom han
hev vori, veit eg?» sagde Balle. «Ja; men mest i Paris,»
svara Presten. «I Paris? Er der noko for ein Teolog
aa gjera i Paris?» spurde Balle. «Hm,» meinte Presten,
«Hauk vil vel studere Tidsaandi; og det kann visst me
Teologar trenge um.» — «Aa ja; det er fulla godt aa
kjenne sin Fiende,» meinte Balle. «Hm,» sagde Presten.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>