Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
— «Ja Tidsaandi kann me so visst ikkje vente nokon
Vénskap av,» heldt Kapellanen fram; «og difor meiner
eg det er vaar Plikt aa stride imot ho; for det som
ligg paa Botnen der, det er Hat, Hat — til Kyrkja
og til Kristus.» — «Der kann vera noko i det De segjer,»
sagde Gamlen. «Men De meiner daa vel ikkje at det
skulde vera rett aa ’stride mot Tidsaandi’, som De
segjer, fraa Preikestolen? — Eg for min Part hev aldri
vaaga meg til aa bera slikt fram i Guds Hus.»
«Ja; det er ikkje so godt aa segja. Ein Kristi Tenar
treng Visdom; — men han treng likso vel Mod. Sions
Vaktmenn....»
Det banka stilt paa Døri. Dei skvatt halvt upp; det
maatte vera Hans.
Men det var ikkje Hans; det var Skulelæraren
Gabriel Vikstad. Han var millom dei tjuge og tretti,
mìdels høg, ikkje fast bygd; han steig inn stilt og ustødt,
liksom ein som kjenner at han ikkje lenger er paa eigin
Grunn; Andlite var myrklegt, Augo skygge; han saag
ut som han ynskte seg vel ute att. Daa han hadde
helsa, bad han orsaka, at han «kom paa ei slik Tid» —
«De kjem just til rett Tid!» meinte Presten — «og i ei
slik Ærend.» Ja kva Ærend han daa kom i? — Jau,
han kom og vilde faa ein Attest.
Det hekk so ihop, at han just idag hadde fengi Brev
fraa ein Kjenning um at han burde søkje
Klokkarposten i Nærdal; det var ein god Post som det var Von
um at han kunde faa. Men det var so stutt att av
Søkjingstidi, at han maatte faa Breve avstad straks,
dersom her skulde vera Tanke um, at det kom fram i
rett Tid. So hadde han vori nøydd til aa uroe Presten
paa sjølve Jolaftanskvelden. Han var leid for dette og
bad paa nytt um Orsaking; men det galdt um so mykje
for honom, at han ikkje hadde sét seg onnor Raad.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>