Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Meining med. — Godnatt!» — Presten gjekk, seint,
ustødt, i urolege Tankar. Han kjende seg kald og saar.
Men Hauk murra noko for seg sjølv um Tronghausar
og Nærsyn. Det vert nok ikkje greidt aa sleppe fraa
desse gode Folk paa ein skikkeleg Maate, tenkte han.
Den som endaa kunde ljuge!
Men so kom han til aa tenkje paa Ragna att. Han
gløymde Tronghausane og Politiken og Kyrkja og alt
ihop. Ragna var vaksi upp til ei herleg Møy i dei tvo
Aari han hadde vori ute. Han hadde lika henne fyrr;
men no var det noko reint anna. Ho var hugtakande.
Ho var eit Under. Han hadde set hundra og tusund,
men ikkje ei som var so frisk og varm og rein og god,
so elskeleg mild, so heilt ut Kvinne. Det var det same
med alt; men henne maatte han hava.
Han sovna blideleg inn, og drøymde at han bygde ei
Kongsborg aat Ragna. Men Borgi vart til ei Kyrkje; og
i Koren stod gamle Får hans og lyste honom i det store
Banp, so det gjekk Torebrak uppunder dei høge Kvelvane.
rv.
Den Natti sov ikkje Gamlepresten stort. Han gjekk
att og fram i Kammerse sitt og tenkte.
«Naar det kjem til Stykke,» sagde han til seg sjølv,
«so hev nok Balle Rett. Der e r noko illt og vondt i
denne Tidsaandi. Der e r noko djevelskt. Berre sjaa
no som denne Eystein Hauk ... denne snilde,
hyggjelege Guten ... han er ikkje attkjennande. Han er frosin
til Is... og hærd til Staal... sleip og glatt som ein
Orm... Det stod slik Kaldhjelm av honom, at han
gjorde meg reint sjuk. Ingin Respekt... Gud veit
korleis han enno kann halde fast ved si kristne Tru. — Dei
kallar det Fridom, Humanitet; men det er ikkje det;
17
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>