Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
godt... naar han stend paa den rette Sida.» — «Visst
kann han det.» — «Det er... i eit liberalt Blad?» —
«Naturlegvis.»
Presten sette Ljose fraa seg; tagde; gjekk att og fram
eit Bil og liksom togg paa ein Tanke. Tilslutt kom det.
«Høyr Hauk... eit aalvorsamt Ord. — Eg ser du
undrast paa at eg er so spurvis; men... det er ikkje
so godt for oss her ute paa Lande; ein gjeng og ber paa
so mangt og fær so sjeldan noko vita. — Seg meg...
trur du, at denne nye Fridomspolitiken i Grunnen er
ukristeleg?»
Hauk drog umerkeleg paa Aksline. «Er det den norske
Fridomspolitiken, De talar um?» — «No ja, for det
fyrste den...»
«Den norske Politiken naar ikkje so langt som til
det religiøse Spursmaale,» sagde Hauk. «Ein kann vera
Fridomsmann i Norig um ein so er Mormon. Dei ymse
Livstankar er skilde aat her. Folk er sundbytte i
Smaabitar; dei trur eit, veit eit anna, vil eit tridje...
og so gjeng det alt ut i det gamle. For den Skuld kann
De vera trygg, Herr Pastor, daa visst for denne
Mannsalderen.» Der var noko underleg kaldt yvi Mannen
som han stod der, totte Presten. «Men,» heldt han fram,
«naar Politiken vaar veks og vert slik som... ja, som
du vil hava’n... Med eit Ord: heile den nye
Fridomspolitiken, den europæiske... trur du den er ukristeleg?»
Det var slik Uro yvi Presten, at Hauk laut mest læ,
samstundes som han hadde vondt av den gamle Mannen.
Han svara noko mildare: «aa, nei, — ikkje ukristeleg.
Han læt dei Spursmaali vera. Kyrkja skal vera for det
ho er; Staten skal berre stelle med sine eigne Sakir.»
«Men Staten skal tyftast paa heidin Grunn?» «Paa sin
eigin Grunn — ja.» — «Hm. Ja-ja. Du fær orsaka.
Det laag meg paa Hjarta dette; eg laut frette di
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>