Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sam og treiv Hauk i Handi. «Kjære Ven!» sagde han,
«du veit ikkje kor glad eg vilde vera, um det vart av.»
Hauk gav ’n Handtake att; «den som visste kva ho
tenkjer?» — «Du fær spyrja,» sagde Hans. «Og kann
eg vera deg til Hjelp, so veit du eg vil.»
— «Ja; eg maa tala med henne,» sagde Hauk. «Det
er lett gjort,» meinte Hans; «me fær henne med oss ut
paa ein Tur... eg gjeng med eit Stykke, so lengi til
eg tenkjer du hev studera Friartalen — ha-ha-ha! det
skal strakst vera gjort!» Han flaug ut.
Det kom braadt paa, dette, for Hauk; han rette seg
upp og saup etter Anden. «Aldri i mine Livedagar hev
eg vori so rædd!» —
— Men nede i Stogo sat Kapellanen og tala med
Presten. «Me skal ingin døme,» sagde han; «for Gud
aaleine kjenner Hjarto. Men det maa eg segja, at eg
hev mine store Tvil um den Manns Kristintru. Eg hev
lagt Merke til honom, og serleg no ved Borde idag; og
den Maaten han vrid seg fraa allting paa, er meg —
mildast sagt — mistenkjeleg. Dessutan, alt det Lag
han legg paa «Kulturen», og «Humaniteten» ... Ja det
er ein saar Tanke. Men eg kann ikkje verja meg for aa
tru, at han der ned i dette nye Babylon, dette Paris, hev
komi burt fraa sin Barndoms Gud og hev lært aa bøygje
Kne for den store Skjøkja som dei no kallar den frie
Tanken.»
«De er for streng, Herr Kapellan,» sagde Presten.
«At ein Ungdom som han kann koma til at tvila paa
eit og anna, og for eit Bil kann bli rivin med av ein
Tids-straum, som bér burt ifraa Barnetrui — naa ja, slikt
hender so mange i den Alderen. Eg kann hugse eg sjølv
var ille ute eit Bil i dei Aari. Den Gongen var
Rasjonalismen uppe; drogst med Dauden, men var uppe; og eg
maa med Skam segja, at eg... lét meg rive langt med.
28
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>