- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
29

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var ikkje langt ifraa at eg leid Skipbrot paa Trui.»
Den gamle Presten rugga stilt paa sitt kvite Hovud.
«Men daa eg vart eldre, og fekk lært meir, og saag kor
dette bar av, so kom eg snart etter, at her hadde eg
vori paa ville Vegar, og so fekk eg Naade til aa snu
heilt um og attende til mi gamle trygge Barnetru. Og
so gjeng det med alle; daa visst med alle a a 1 v o
r-s a m e Naturar. Ungdomen maa rasa, som Luther
segjer; den eine fær det paa ein Maate, den andre paa
ein annan. Hauk som er ein tenksam, aalvorsam ung
Mand, hev vel fenge det med Tvil. Men Vaarherre vil
hjelpe honom. Han hev ei god, kristeleg Mor, som bed
for honom; Gud held si Hand yvi slike. Lat han tumle
seg ei Stund paa dei ville Vegar og sjaa kor langt han
kjem; sistpaa vil han, som den fortapte Sonen, koma i
Hungersnaud; men daa kjem dei varme, ljose
Barne-minni upp i honom og dreg honom heim utt.»

«Det bør me vone,» sagde Kapellanen. «Men Herr
Pastoren fær tru meg eller ikkje tru meg: her er knapt
Tale um Tvil, av det Slage som nokon kvar kann hava
kjendt i si fyrste Tid — for Kristindomen hev alltid
vori Jødane ei Forarging og Hellenane ein Daarskap —;
men her er det ein Mann som — ja, eg ræddast for
det — med fullt Medvit hev sleppt Trui fraa sjølve
Grunnen av, og som hev vendt seg heilt til dei nye Kjeldur
etter Visdom og Livsforklaaring. Ein tvilande, søkjande
Mann vilde aldri sitja med slik ein Kaldflir og høyre paa
ei Samtale som vaar ved Borde idag; og han vilde ikkje
taka det me der hadde uppe som Moro. Han viste der, at
han var stød i sitt; og det var ikkje Kristindomen,
han var so stød i; for daa hadde han — tala ut.»

Presten tagna og tenkte. Det kom Sorg yvi Aasyni
hans; tilslutt kviskra han som i Sjølvgløyming:
«stakkars Gut!» «Ja stakkars Gut!» tok Balle i so Presten

29

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free