- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
31

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Elles forstod ho snart, at Balle var etter honom og
vilde paa einkvar Maa ten setja’n i Beit; og ho lo med
seg sjølv aat dette. Ved Borde sat ho og var stolt av
aa sjaa, kor fint han visste aa halde alle desse
Heim-alingane ifraa seg. Kristin! — Balle vilde faa honom
til aa ikkje vera kristin! — Haa; han var visst betre
kristin enn alle ihop; men hans Syn paa desse Ting var
nok for høgt for Balle; det skulde ingin undrast paa.
Det einaste ho ikkje kunde skyna var, at Får hennar
saag ut til aa vera uroleg. Skulde Balle ha indbillt
honom noko slikt?

Enn um Hauk og den gamle vart Uvénir? Ho kvakk
ved denne Tanken. Men den Tanken vekte andre; og
rett som det var blenkte det upp for henne at ho elska
Eystein Hauk. Ho vart sprut-raud og ør og smaug av
inn paa Kammerse sitt, bljug og liksom rædd, men
samstundes glad, stolt... Det var som Døri inn til Live lét
seg upp for henne; og no stod ho der, skjelvande, sæl,
uroleg...

Tankane for og kom som fljugande Fuglar. Den eine
gjorde henne varm, den andre gjorde henne kald. Ho
glytte bljugt inn i Spegilen. Var ho fager —? Ho hadde
sümetidir trutt det. Kunde han som hadde sét so
mange — ? Ho vart skamfull; torde ikkje sjaa seg sjølv
i Augo, men glytte upp paa Skakke —: var ho fager?
— Det gjekk som ein kald Styng gjenom henne... ho
hadde i Grunnen trutt ho var fagrare. Ho slo Augo
upp og saag betre etter. Nei, uff... Med det same saag
ho seg sjølv i Augo og vart uendeleg skamfull. Rømde
fraa Spegilen; seig ned i ein Sofa. Uh! Hadde han
set henne no, so hadde han... — han, som visste so
godt aa gjera Narr av alle Dame-Grillur. Dessutan ...
han som hadde sét so mange... so mange fagre og
fine ... dei fagraste og finaste i Verdi...

31

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free