- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
32

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ho lurde seg so smaatt burtimot Spegilen att. —
Innbille seg slikt! det var ein Daarskap so umaateleg. Lat
meg sjaa vel etter kor stygg eg er, so kjem eg vel burt
ifraa slike Tankar. Glytte so inn i Spegilen att, rædd,

bljug. Hm, stygg____ Berre ho ikkje hadde sét so

lite klok ut! Og dersom ho hadde havt det Haare
upp-sett paa Folkevis! og ein finare Kjole... Han som var
van med aa sjaa dei finaste Klædningar... Ja den som
hadde slik Stas som dei der ned i Paris! —

Ho var uppi eit Kav som ho aldri fyrr hadde kjent,
og kunde ikkje faa Tankane fraa seg. Ho hadde eit
langt, langt Ordkast med seg sjølv, um det var rimelegt
eller urimelegt at han brydde seg um henne. Sjølvsagt
var det urimelegt, — reint urimelegt; men lengst inne
hadde ho likevel ei løynleg Von... No sette ho seg fyri
at ho vilde vera kald og roleg; Gudskjelov, at ingin
visste noko; og ingin skulde faa vita noko heller.
Slike Ting fekk ein gøyme og... naa ja, det vart nok
best... gløyme.

I det same kom Hans. «Er du her?» sagde han. «Kor
kann du finne paa aa gøyme deg av, naar me hev
Framandfolk? Kom no og ver med paa ei Utgonge.
Hauk vil sjaa Landskape i Maaneskin — ha! ha!
Romantiken er seig! — og me lyt vera med og halde
Lag. Kom no!» — «Ja ja, eg kjem,» sagde ho; Hans
høyrde at ho dirra i Maale. Han gjorde eit Kast paa
seg, lo høgt og flaug. Ho stelte seg; snøgt, med
skjelvande Hendar. Tenkje kunde ho ikkje; ho visste berre
det, at no skulde ho faa sjaa Hauk og høyre honom
tala.

— Dei gjekk Vegen burt-etter inn gjenom Skogen.
Der var so stilt og fint. Alle Greinir og Kvistir var
klædde i fjørlett kvit Mjøll; dei saag ut som bygde av
Ljos; Maaneskine braut seg vent og sylvglitrande i alle

32

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free