Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Du hadde fengi Ja paa fyrste Orde, Gut!» sagde han.
Hauk smilte saart. «Aldri eit Ord meir um det,» sagde
han, og reiste.
vin.
Otte Dagar etter stod det ei Brevsending i eit liberalt
Blad, der det var gjort stride Innhogg mot Prestane.
Dei var Ufridomsmenn, og maatte so vera. Til Døme og
Prov var det sistpaa fortalt um Jolepreika aat Presten
Vangen. «Denne Mannen hev fyrr liksom gjølt for
Fri-domsflokken,» stod der. «Men no, daa det tek til aa
verte Aalvor, no vert Presten rædd og slengjer ut
Bann-straalen. So lengi Fridomen er berre ein fager Draum,
so kann Presten nok vera med; men prøver ein aa faa
Tanken inn i Live, so vert det Djevelskap og Upprør.
Det kunde vera til Mein for Prestegryta, maatru, og
røre ved «Pavekruna». For Skilnaden millom den,
katolske Kyrkja og den lutherske Rikskyrkja er ikkje den,
at den katolske hev ein Pave og den lutherske er
p a v e 1 a u s ; Skilnaden er, at den katolske hev e i n
Pave, men den lutherske Rikskyrkja mange.»
Tilslutt kom det ei Innsmøygjing um, at det visst mindre
var Presten enn Kapellanen — «eit ægte Pave-Emne
av den nye Pietistskulen» —, som hadde Skuldi for det
som var sagt i denne Jolepreika.
Blade med Brevsendingi kom til Prestegarden og
vakte stort Uppstyr. Presten vart mest ør av Harm,
ikkje minst yvi det siste. Alle i Prestegarden var støde
paa, at Brevsendingi maatte vera fraa Hauk. Balle drog
paa Aksli og sagde: «ser De no at eg hadde Rett?» —
Hans var reint utav det; han svor «per Stygem og alt
stygt», at han aldri vilde hava noko med den Mannen
aa gjera meir. Og det skulde ikkje Ragna heller, lova
3 — Garborg VII.
37
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>