- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
36

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han fraus; det lagde seg som ei isande Skodde for
Bringa hans. «Med mine Meiningar,» tenkte han, «er
eg rettlaus; utlæg ... fredlaus som Kain ... kvar som
finn meg kann slaa meg ihel. Kor kunde no eg tenkje
paa Kjærleik og Livsglede?» Han kjøvde ned ein Sukk;
det høyrdest som han svelgde Graaten.

Ragna undrast paa at han vart so tagall. Hadde ho
sagt noko som —; hadde han trutt at ho ikkje vilde
høyre Tale um Kjærleik? — det sveiv rundt for henne.
Ho vart rædd; det galdt Live ...

— «Frøken,» sagde Hauk med eit kaldt, underlegt
Mæle. Ho skalv. «De fær prøve aa... ikkje undrast
paa meg. Eg er... under serlege Vilkaar... eg hev
vori tankelaus... og eg kann ikkje forklaare meg. Eg
er slik stadd at eg ... berre hev ein Ting aa segja Dykk
no... og det er Farvel. Kva De tenkjer veit eg ikkje;
De skal heller ikkje vita kva eg tenkjer... men ver
sæl! sælare enn eg kann bli. Farvel, Frøken! Gløym
denne Kvelden. Takk for dei Stundine me hev vori i
Lag. Eg maa reise i Morgo; kannhende ser eg Dykk
ikkje, fyrr eg fer. Farvel!»

Dei var heime. Han sprang upp paa Kammerse og
slengde seg i Sofaen. Kaldt og aalvorsamt tenkte han
igjenom alt. «Ja ja,» sagde han og reiste seg, «her er
ikkje Raad. Eg maa segja Farvel. Og no kann eg vera
sterk. No hev eg ikkje meir aa tapa.»

Han gjorde seg hard og gjekk ned i Stogo; Prestefrua
kvakk, daa ho saag kor bleik han var. Var han sjuk?
— «Nei,» svara han. «Det er berre so vondt, at all
Joletid so snart fær Ende.»

Morgonen etter reiste Hauk. Presten var leid for
dette, ja mest vond; Frua lika seg ikkje heller. Men
ho hadde sine eigne Tankar, og tagde. Hans var uppi
Under, av di Hauk ikkje hadde gjort det av med Ragna.

36

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free