Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
meinte det ikkje so. Eg vilde berre kjenne meg liksom
meir trygg ... for min e i g i n Part... naar eg hadde
eit Ord ...» «Nemn Mannen. For din Part kan du vera
trygg.» Han sukka saart. Ragna stod upp og tok fram
Setelen.
Presten las og skvatt upp. «Vikstad! Den Mannen
som eg gav ein Attest so god! Som eg bad med til mitt
eigi Jolebord! Som eg alltid hev vori god imot, betre
kanskje enn mot nokon av dei andre! — Aa Styggedom,
Styggedom, meir enn Styggedom! Kven skulde tru at
eg der nørde ein Orm ved min Barm?» «Får, Får,» bad
Ragna. «Du hev alltid vori paa hans Side du,» sagde
Presten harm; «no kann du sjaa! — Tempora!» sukka
han og sette seg; «er me komne so langt? — Aa Balle,
Balle, du hadde Rett! Og det ein Lærar! Ein Lærar
som gjeng der kvar Dag og forklaarar det 4de Bod ...
nei! nei! dette gjeng yvi alle Merke.»
«Ja det er leidt,» sagde Ragna. «Men trur du ikkje
det her kann sjaa verre ut enn det er meint? Vikstad
er visst svært braafus av seg; men eg trur ikkje han er
vond.» Ho sat med Augo i Golve og tala med stort
Stræv; det var nok fyrste Gongen ho antrast med Får
sin paa denne Maaten. Den gamle lika seg ikkje. No,
daa han var uppi so mykje leidt og harmelegt, burde
daa iminsto hans eigi Hus vera paa hans Side, totte han.
Og serleg Ragna, som han no hadde vori so god imot all
Tid. Han sat og saag paa henne fraa Sida, halvt
sorgfull, halvt harmfull, og svara ikkje. Ragna sat og stræva
med aa faa fram det Spursmaale som ho helst var komi
fyri. Det var so vandt aa finne Mod. At ikkje Far kunde
hjelpe henne paa Veg! — for her var det han som hadde
Urett.
«Men no,» sagde ho endeleg, «veit me daa at den
andre... er saklaus ?» Presten kvakk upp og vart
48
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>