- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
49

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

raud. Der fekk ho eit stygt Tak paa meg, tenkte han.
«Hm — ja,» svara han, «det hender ofte i denne Tid, at
det urimelegaste er det sanne. Her er Upprør og
Um-støyting i alt; den Skikk og Orden Gud hev sett er reint
komin or Lag. Elles vonar eg,» sagde han snøgt, «at du
ikkje tenkjer meir paa Hauk?» — Ragna vart blodraud.

«— Er du stød paa, Får, at han ... er... det som du
sagde sist?» — «Kva er det for Snakk? Javisst er eg
stød,» svara Presten hardt; han kjende med seg sjølv
at han slett ikkje var fullstød. «Men trur du daa,» heldt
Ragna fram — ho sat og tulla paa Lümmeduken sin og
tala med det største Stræv —; «trur du daa, at det
var... Guds Vilje, at han skulde ... koma innpaa
slikt?»— «Guds Vilje?» sagde Presten, «kor kann du
koma paa sovori?» Han stirde undrin paa Dotter si. —
«Men kann ikkje... Vaarherre likevel ha havt
liksom ... ei Meining med det?» — «Det lyt me tru,» sagde
Presten ustødt; han visste ikkje kvar ho vilde av. «Hev
det ikkje hendt, at Folk som kom inn paa slike
Villstigar, sidan hev... vorti dei største kristne Mennar?»

— No blenkte det upp for Presten. No saag han kvar
ho stemnde. — «Hm, det hev hendt,» sagde han, —
«men ikkje med slike som hev sleppt Trui med fullt
Medvit og fraa sjølve Grunnen av.» — «Aldri?» spurde
Ragna rædd. «I alle Fall sjeldan,» svara Presten; han
kjende seg noko ustød her. Ho smilte underleg; Augo
fekk Glans. «So hender det stundom,» sagde ho;
«og er det ikkje Guds Vilje at det skulde hende alltid?»

— Visst nok; men hev ein Mann fyrst gjevi den Vonde
heilt Magti med sine Tankar, so skal det mest meir enn
eit Under til, um han skal verte frelst.» Ho reiste seg;
det kom yvi henne eit hugtakande Drag av Tru og Elsk.
«Ein Mann som han kann ikkje fortapast. Han hev
ei Mor som bed for honom Dag og Natt; han hev gje-

49

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free