- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
50

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nom all sin Barndom og Ungdom lært aa elske
Sanningi. Det er ein Veg som Vaarherre læt honom gange;
men han finn attende tilslutt. Helst dersom...
dersom ...» ho trivla etter Ordi og slo Augo ned. Presten
skyna henne altfor vel, men bøygde av: «— dersom han
ikkje forherdar seg.» No slo ho Augo upp. «Nei, Far.
Han er ein ærleg Mann, som vil Sanningi, og slike
stend det skal finne.» «Ærlege Folk narrar ofte
seg sjølve,» sagde Presten; han var flat av aa høyre
sine eigne Tankar att no av Dotteri. «Ja,» sagde Ragna,
og den underlege Smilen kom att, «men dersom nokon
prøvde paa i Livsens Lengd aa løyse honom ut or denne
Sjølvdaaringi, daa veit eg visst at han kunde vinne
fram!»

No nytta det ikkje aa vride seg fraa henne lenger.
«So du trur, stakkars Barn,» sagde Presten, «at du skal
kunne vera Frelsar-Engelen hans?»

Ho var ikkje bljug lenger, men saag paa Far sin med
store uppglødde Augo. «Ja, Far; det vil eg vaage. Rive
meg fraa honom kann eg ikkje; og det var visst ikkje
rett heller. Eg vil fylgje honom, og beda for honom, og
lære honom paa nytt aa elske sin og min Gud. Eg veit
eg gjer ikkje Synd med dette. Eg hev lova meg det
sjølv for Guds Aasyn, og daa fekk eg Fred, og vart so
underleg sterk.» Presten kjendte seg mest raadlaus.
«Du svermar, Barn,» sagde han. «Du trur som alle
Kvende at du kann hugvende ein Mann med Kjærleik
og Husvarme; men det gjeng ikkje so lett. Mannen hev
det paa ein annan Maate, han. Han læt seg yvityde av
Grunnar, ikkje av Kjenslur. So lengi eg raar for deg,
so lengi maa du ikkje tenkje paa aa faa ein Mann som
negtar di og mi Tru; det var aa selja deg til livslang
Strid og Usæle. Merk det, Barn; det er mitt siste Ord.»
Ho skalv der ho stod. «Eg er ikkje Barne ditt naar eg
gjer dette?» kviskra ho. Han kvakk ved Tanken, men

50

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free