Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Frelse! Ho kunde aldri liva eller vera til, dersom ho
ikkje ender og daa fekk gaa i Kyrkja og høyre Guds
Dom yvi Syndi og reinske seg ved Bot og Bøn. Ho kunde
ikkje forstaa, at Hauk vilde vera utan Tru. Ho hadde
lengi tenkt at ho vilde beda han sanse seg og tenkje
seg um; for den Vegen han no gjekk, den førde ikkje
til nokon god Stad. Hauk berre glaapa; eller han sette
i aa læ. Vilde h o preike Bot for honom ? Men daa vart
Rosalie streng. Ho stana upp midt framfor han og stirde
paa han med store Augo, som brann av religiøs Eldhug;
«læ ikkje aat aalvorsame Ting!» ropa ho. Hauk vart
reint forundra. Ho meinte det ærlegt med Kristindomen
sin! Samstundes med at ho gjekk her og braut si
dyraste Plikt! Slikt hadde han aldri kunna tenkt seg.
Han vart tagall og saag paa henne og lydde. Ho dreiv
paa. Ho lagde ut for han um kor syndig han var; men
den verste Synd var Vantrui; for den gjorde at han
ikkje kunde faa Tilgjeving heller. Den som trudde, han
kunde og synde, dessverre; men Gud var naadig og
tilgav, naar ein bad um det; derimot den som ikkje trudde
var raadlaust under Guds Unaade. Kvi kunde han daa
ikkje likso godt tru ? Innbillte han seg at han var sælare
eller betre som han no var? Eller trudde han at han
kunde narre Vaarherre? Ho saag paa han ettersom ho
tala, og Augo hennar fekk etterkvart ein mildare Glans.
Og Mæle vart mjukare, varmare. Kunde han daa slett
ikkje tru ? Kva var det som var i Vegen ? Ho, som heldt
av han, totte det var so leidt aa vita at han var
Fritenkjar. Ho vilde so gjerne at den ho elska skulde hava
Guds Naade. «Kjære Eystein,» sagde ho tilslutt og
lagde sine kvite Armar um Halsen hans, «du er for god
til aa vera Fritenkjar; gjev upp det og tru som me!
Eg bed deg um det! For mi Skuld, Eystein!»
Dette fann Hauk vart vel grovt. Han skauv henne
57
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>