- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
58

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ifraa seg heller ublidt og sagde at ho burde skjemmast.
Ho kunde vera syndig nok fyrr, um ho ikkje etterpaa
alt dreiv Spott med sin eigin Gud. Daa ho saag at han
var harm, tagde ho for den Gongen.

Men Dagen etter tok ho til paa nytt. Hauk fann
henne tilslutt so ufyseleg som ho der gjekk, syndefull
og urein, preikande um Naaden, at han sagde henne si
Hjartans Meining og gjekk. Dermed var han frelst fraa
den Vénskapen. For det høvde so heppeleg, at Herr Alm
just no kom heim.

Hauk kjende seg letta. Men leid seg var han som
fyrr; og verst var det, naar Lengten etter Ragna braut
upp att.

— «Gud aa Gud som De ser melankolsk ut!» sagde
Frøken Emilie til honom ein Kveld; han sat og skulde
gjenomgaa ei Rolle med henne; for Frøken Milla vilde
til Teatre. Ja; han var melankolsk. Frøken Milla lo
aat dette og gav seg til aa drive Gjøn med han, men
paa ein so skalkut Maate at han maatte læ med. Han
hadde aldri fyrr lagt Merke til Frøken Milla. Ho var
ikkje fager, totte han, og ho hadde visst ikkje meir
Aand enn godt gjorde heller. Men no saag han at ho i
alle Fall var ein Gudsfugl mot Rosalie Alm. Milla var
ein rask litin Gjentunge, glad og lett som ein Sporv;
av Andlit var ho som Folk flest; men ho hadde slikt
eit greidt, tekkjelegt Lag. Hauk gav seg i Lag med
henne og totte dette var Moro. Dei aalvorsame Tankane
kvarv burt som Skuggar naar ho snakka; for Milla var
so hjarteleg tankelaus. Aldri i sine Dagar hadde ho
havt ei Sorg, so vidt som han kunde forstaa; ho var
som den unge Fuglen som sit høgt upp-i Tretoppen sin
og lær aat heile Verdi. Det vart lite av med Lesningi
etter denne Kvelden. Hauk totte det var meir Moro aa
prata, og det totte nok ho med. Dei raaka kvarandre

58

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free