- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

at det kunde ikkje nytte for henne aa taka det med
Strid; men Hauk paa si Side vilde ikkje for alt i Verdi
ho skulde tru, at han vilde «umvende» henne. So gjekk
det overlag godt. Det at Kjærleiken liksom var
inn-sprengd med duld Uro gjorde at han vart varmare, ja
saar og sorgfull, som naar ein elskar den ein ikkje
kann faa.

Men det kjendest likevel stundom tungt, at der skulde
vera noko imillom deim som dei ikkje kunde tala fritt
um. Det var som dei ikkje aatte kvarandre heilt paa
denne Maaten. Sitt høgste Aandsliv maatte dei altfor
mykje liva kvar for seg, og det dei kunde hava
til-hopes vart mest det kvardagslege, det vanlege. Og ikkje
ein Gong dette aatte dei heilt saman. For det fanst i
Grunnen ingin Ting som dei ikkje saag kvar paa sin
Maate. Dette kunde stundom falle svært vondt. Og
ettersom Tidi leid, kom det liksom noko framandt inn
millom deim sjølve. Dei vart meir og meir utrygge for
kvarandre, visste mindre og mindre aa finne kvarandre.
So vart dei rædde og søkte dess fastare ihop, gav etter
og ofra alt det dei kunde til aa naa kvarandre; men so
forstod dei at det fraa baade Sidur var eit Offer; og
det vart og vondt. Stundom kunde Hauk tala so Ragna
fekk Von um at han ikkje var so langt ifraa henne
e n d a a i dei høgste Ting; og ho skalv av Glede. Men
naar ho so vilde slaa seg til Ro i denne Gleda og
liksom gav honom Handi til heilt Samband og fullt Fylgje,
so kom der alltid noko som sagde: nei; det var ikkje
so meint.

Ettersom Hauk vart meir og meir rædd for aa leggje
sine Tankar fram i Samtale, fann han paa og gav henne
Bøkar som han trudde skulde lære henne aa forstaa
honom. Det var mest Romanar og andre Diktverk,
skrivne ut fraa hans Livssyn. Ragna las deim, men

78

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free