- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
79

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vart liksom sjuk av det. «Ikkje gjev meg slike Bøkar,»
bad ho. «Kvi daa?» spurde Hauk. «Dei er so stygge,»
svara ho. «Stygge?» spurde han. «Ja; dei hev so mange
gudlause, sundrivne Tankar. Eg vert so leid av meg
naar eg les deim.» Hauk saag paa henne og smilte.
«Trur du det sanne alltid er det same som det
hyggjelege ?» — «Nei; det sanne kann vera strengt... men
det er alltid kjærlegt.» — «Tankane i desse Bøkane
e r strenge og kjærlege.» — «Nei, dei er so fulle av
Hat og Spott.» — «Mot det laake og stygge ja.» — Ho
tagde. «Kannhende finn dei sumt stygt som du finn
fagert,» heldt Hauk fram. «Men det spyrst berre um
Livssyne. Hadde du vori upplærd i dei Tankane, so
hadde du og funni dei fagre.» «Ja, men daa hadde eg
vori noko reint anna enn eg no er; og eg veit ikkje um
det hadde vori betre?» Hauk vart aalvorsam. Men so
smilte han. «Det der er eit argumentum ad hominem!»
sagde han; «for du veit at eg vil hava deg som du er.
Men for din eigin Part — ja, eg veit ikkje.» Ho saag
paa honom med Sorg. «Med slikt Livssyn hadde eg
vorti vond, trur eg,» kviskra ho. Han hadde eit Svar
paa Tunga, men svelgde det, daa han var rædd det kunde
saare. — «Naa ja,» sagde han, «me skal finne andre
Bøkar aat deg. Lat oss høyre kven du helst vil lesa!»
— «Schiller?» sagde Ragna. «Godt! ja, han er ein
meinlaus Mann. — endaa han var Heidning god nok,
han med.» — «Schiller? som Far var so glad i?» —
«Javisst! Daude Heidningar er ikkje faarlege.» —
«Eystein!» — «Kjære, det var ikkje vondt meint. Er det
fleire Diktarar du vil lesa?» «Ja, Goethe —? Men han
er vel ög Heidning?» — «Den verste av alle,» svara
Hauk. «Er her daa ingin Storskald som hev vori
kris-tin ?» spurde Ragna rædd. Han tenkte seg um. «Av
Storskaldar fraa nyare Tid veit eg knapt nokon. Men

79

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free