- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
80

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

av dei mindre...» — «Enn Shakespeare ?» spurde
Ragna. «Ja, han er so stor at han stend reint upp-yvi
denne Striden,» sagde Hauk. «Lat meg faa slike...
Du trur ikkje kor vondt eg fær av aa lesa alle desse...
Det legg seg for Bringa; eg vert som sjuk. Det er
Veikskap av meg; men... ja. Du maa bera yvi med meg.»
«Kjære, kor kann du tru —?» Han kysste henne.

Men i Grunnen gjorde dette honom vondt. Der var
paa nytt ein Veg stengd millom henne og honom. Han
hadde tenkt at ho var sterkare.

Skulde det no ikkje bli altfor langt imillom deim, so
maatte han tala med henne som fyrr, um han elles fekk
agte seg endaa meir for aa saare. Men no, daa Ragna
hadde lesi desse Bøkane, var ho gløggare i slike Ting.
Ho gaadde strakst naar han kom inn paa ukristelege
Tankar. Lengi høyrde ho paa honom og tagde. Han
tok so smaatt til aa vone at ho var paa Veg til aa skyna
honom. Men ein Gong, daa ho totte han vart noko strid,
bad ho honom med ein sorgblid Smil at han ikkje maatte
tala um sovori. «Du veit eg er so veik,» sagde ho med
Bøn i Mæle. Han smilte, men noko saart; og det var
ikkje fritt han bleikna. «Kva skal eg tala um daa?»
sagde han. Ho kvakk; enn um ho paa denne Maaten
dreiv honom reint ifraa seg? — «Jau, jau, tala um alt,»
bad ho; «men legg ikkje fram so mykje av desse...
Meiningane, so er du snild.» — «Vil du daa eg skal
vera usann imot deg ?» spurde han. «Nei! nei! tala
um alt, og som du vil!» — «Men naar eg veit at eg
saarar deg?» sagde Hauk skjelvmælt. «Eystein —!»
ho grét. Han drog henne mildt inn til seg, men kunde
ikkje svara. Sidan prøvde ho aa tvinge honom til aa
tala, med di ho i mest all Ting spurde um
Meiningane hans. Men med Rædsle kjende ho, at han hadde
fengi meir Magt med Tankane hennar enn ho baade

80

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free