Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kjenningar; smøygde seg fram gjenom tronge Gatur;
gjekk tilslutt inn paa ein Kafé der han visste han var
ukjend; for han maatte faa kvile. Han slengde seg paa
ein Sofa; Folk glodde paa denne bleike, fine Mannen og
undrast kven han kunde vera. Aa, for ei Kvild det var
aa vera millom ukjende, i eit Lag der han ikkje galdt
for anna enn eit Mannfolk! Uh; Idear; — han leiddest
av aa minnast sitt eigi Stræv. Kva skulde Folk med
Idear? Folk vilde hava Mat. Mat og Moro. Og
kann-hende hadde dei Rett. Tankar! — Han saag paa Folke
ikring seg og lo. Ha-ha; Folk gjev mykje meir for %
01 enn for all Verdsens Idear. «Eit Glas Toddy,
Jomfru!» ropa han, tok eit Blad og lagde seg trøytt attende
i Sofaen.
Han var som i Noas Ark. Alle Slags rare og stygge
Dyr hadde berga seg inn her fraa Livsens store
Si-flaum der ute. Og dei aat og drakk og lo og elska og
sagde til kvarandre: lat oss eta og drikke, for i Morgo
døyr me; det var Komedie utanpaa, men uendeleg
Tragik innunder. Glas og Flaskur singla og song,
Kvinnfolk lo, Mannfolk banna; burt i ei Kraa sat ein
halv-fjong, halvfeit Fyr og drakk 01 med ei Taus som heilt
hadde gjevi seg yvi; ein bleik Kar med stort
Munnskjegg og store, seine Augo sat og gjorde Kur til
Upp-vartningsgjenta, som slo paa Nakken, men lo ... «Ver
s’go!» sagde Jomfrua; ho kom med Toddyen og saag
paa den framande fine Herren med Augo som tala
tydeleg nok. «Sanneleg, her er Satans Hus og her
er Helvites Portar,» tenkte Hauk. Og han smilte
ved Tanken um kor glade skikkelege Folk vilde
verte, um dei kunde faa høyre at han var komin paa
Villstig.
Han reiv seg laus fraa sine sorgsame Tankar og treiv
etter eit Blad og vilde til aa lesa. Det var Høgreblade
93
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>