- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
94

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Heimlandet», han hadde fengi Tak i. Og det fyrste
Stykke han der saag hadde til Yviskrift: «T i 1 H r.
R. & S. (stud. teol. Eystein Hauk)!» —
«Ano-nymitetsbröt! Kjeltringskap,» tenkte Hauk. Han vart
kvit som Krit, og ein saar, kald Styng drog seg seint
gjenom Bringa. «No er eg seld; no er Leiken ute,»
sagde han høgt for seg sjølv.

Det var Kapellan Balle som skreiv. Han var tvinga
til det av Samvite sitt, sagde han. Naar ein saag ein
Mann som laag og sov, og ein vart vår at ein forgiftig
Orm ringa seg kring Barmen hans, vilde det vera ei
avstyggjeleg Synd aa ikkje vekkje Mannen og segja til
honom: «agta deg! det ringar seg ein Orm kring Bringa
di.» Men den sovande Mannen var Folke vaart, og
Ormen, det var Herr Eystein Hauk. Eystein Hauk var —
i all Løynd — den villaste Rotrivaren og Fritenkjaren
me endaa hadde havt, stod der. Men han var sløg og
rædd som Ormen, og snikte seg fram, so Folk ikkje
rett forstod honom; han var som hin fyrste Ormen i
Paradis, som lova Eva «Ljos» og «Fridom» og
«Kunnskap», men i Røyndi gav henne Dauden. Og til Prov
for desse sine Paastand plukka Balle ut fleire Stykke
or «Framgang», og serleg or Stykke um «Grunnvollen
for Samfunde». Og han slutta: «Slike Mennar bør vera
fullt kjende, so Folk kann agta seg for deim. Dei er
som aandelege Giftblandarar; fær dei Lov aa vera i Ro,
so forgiftar dei heile Folke. Difor, Herr «R. & S.», hev
eg her nemnt Dykk med fullt Namn, liksom eg sjølv
stig fram med opi Visir. De skulde vera so vidt til
Mann, at De ærleg og heilt vedkjendest dei Tankane
som De hev gjort Dykk til Profet fyri; men daa De hev
valt aa fara Lurevegar og Snikjestigar, so fær De orsaka
at eg her hev rivi av Dykk den Grima som De freista aa
løyne Dykk under, kvar Gong De var ute paa Samfunds-

94

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free