- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
116

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Blaatt; Fjelltoppane lyfte seg reine og gode; Lufti var
roleg og lett og klaar, gjenomsynleg ende til Himils;
det var vent dette, tenkte Leiv, naar han stundom
saag upp.

Det var helst ei Gjente han hadde lagt Merke til.
Ho var stor og staut, heller før enn mjaa; Aksline var
faste og Barmen full; Munnen aalvorsam og frisk, Augo
myrke og blanke. Men det var ei til, han hadde sét
seg glad i. Ho var mindre og grannare; Haare var
brunt og svært; Munnen og Augo hadde noko sorgblidt
som drog med serskild Magt; desse tvo steig og kvarv
i hans draumtekne Minne som Havfruvur paa
Baare-toppar; han sveiv som i Ørska og kjende ikkje Jordi
han steig paa.

Med ein Gong stana han. Han høyrde Omen av
Fele-laat og Rop; det var Dans paa Haugstad, kunde han
skyna. Dans! Blode strøymde saman i Bringa, so Hjarta
hoppa og sleit i han; skulde han vaaga seg der ned?
Der kunde han faa sjaa eikor av desse fraa i Dag;
skulde han? Han hadde aldri vori i Lag fyrr; ein
Gong laut vera den fyrste. Kvi skulde han meir enn
andre vera Heimaling?

Hugen drog; Ræddhugen heldt att. Men so tok han
seg paa Tak. «Det fær vera Slutt med Stakkarsdomen
no,» sagde han og gjekk; det bar til Haugstad.

Daa han kom fram mot Garden veikna Mode; han
stana ofte og lydde. Men han heldt fram. Sistpaa var
han innved Tune. Her laut han drygje litegrand; høyre
etter kva Folk det kunde vera som var samla.

Aa, kor vent Fela song. Han fekk ein forjagande
Hug till aa danse. Og i Kveld skulde han danse. Han
vilde vera med no. Han var fullvaksin Kar. Fekk vera
med som dei andre.

Det var eit stort Lag, høyrdest det. Og det var rime-

116

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free