- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
117

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

legt dei var glade. Godt Folk; høyrde Bygdi til; hadde
inkje aa blygjast fyri; og alle hadde dei sine
Kjenningar. So dei kunde nok danse og hauke og spenne
i Golv og Tak.

Leiv vart med ein Gong modlaus. Kva hadde han her
aa gjera? Kven brydde seg um honom i eit slikt Lag?
Han kjende visst ingin. Dei vilde gjera Gjøn av Son
hans Svarte-Asbjørn, um han vaaga seg inn. Undrast;
glo paa han; kaldflire. Den Utbygdingen! «Slike vil
me kje vita av i godt Lag!» — Leiv sveita der han
stod; kaldsveita. Det gjekk som Styngir gjenom han,
naar han høyrde Rop eller Gjentelaatt. Det var visst
ingin her som sakna Leiv Hegglid.

Best som det var høyrde han Stig attum seg. Det var
vel Folk som skulde i Lage. Tri Karar kom gangande;
var ikkje langt ifraa han snart. Kvar skulde han no
gjera av seg? Han krylte seg ihop og gjorde seg so
litin han kunde; men dei berre smaalo og sette beint
paa han. «Kva er du for ein?» sagde dei. Leiv tagde;
vende seg; gav den eine av deim eit Drag under Øyra
so han valt; so vilde han røme; dei tvo andre hengde
seg i han, og det vart Roping og Staak; daa vart Leiv
seg sjølv att.

Naar det spurdest um Magt, ræddast han ikkje; og
desse Karane skulde han nok koma ifraa. Med ein
kvass Rykk reiv han seg laus; men dei fekk Tak paa
han att, og det vart eit dundrande Basketak. Best som
det var fekk den eine Foten undan Leiv, so han datt
aalveltes.

Folk var komne ut fraa Lage og stod og glodde og
undrast; eit Par flaug til og vilde faa Greide paa kva
som tids var; den eine av desse var Lars. Han undrast
daa han saag Leiv; «nei men det var daa nyfiki aa sjaa
deg!» sa han; «koss ber dette til? Statt likso godt

8 — Garborg VII.

117

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free