Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ho skulde vera. Live burde vera som ein Krigsskule,
der ikkje fleire slepp inn enn det er Postar til; men
Tilvære er blindt, hiver inn laust og fast og reknar ikkje.
Det er som ein streng Far: hiver Borni sine paa Sjøen
so dei skal lære aa symja; og det er vel nok. Men det
range er, at süme av Borni hev fengi Symjebelte; sume,
Mr. Hegglid; ikkje alle. Og dei som hev Symjebelte,
dei ligg i Vegen for deim som inkje hev. Stengjer for
deim, so dei ikkje fær leggje ut; dei søkk. You
understand, Mr. Hegglid?
«Nei,» svara Leiv.
«Lat oss taka eit Døme,» sa Baronen. «Hin
Kasseraren var kasta paa Sjøen. Han hadde inkje
Symjebelte; men dei han skulde tevle med, dei hadde. So laut
han syte for seg sjølv. Det Tilvære hadde gløymt aa gjeva
han, tok han. Ikkje han, men Tilvære var Syndaren.
Leiv tagde.
«Eit nytt Døme. Der hev me Mr. Hegglid. Han er
like eins slengd beltelaus paa Sjøen millom beltebudde.
Det er Urett. Samfunde skulde rette paa dette; men
Samfunde er dei beltebudde; i sjølve det frie Amerika
er Samfunde dei beltebudde aaleine. So fær ikkje
Mr. Hegglid nytte sitt Liv. Han er sterk Kar, staut
Kar; hev same Rett paa Live som alle; men der ligg
han; treng all si Magt til aa fløyte seg berre so vidt
uppe at han ikkje søkk med ein Gong. Vil han greide
seg, so maa han faa Symjebelte, han som hine.»
«Kor skal han faa det ifraa?» spurde Leiv.
Baronen tok fram-i att, noko meir vart: «That is
the question. Mr. Hegglid, — det kjem eit Belte
drivande. Det høyrer ikkje Dykk til; men det høyrer ikkje
meir nokon annan til; ingin hev annan Rett paa det
enn den han fær ved aa taka det. No kann Mr. Hegglid
taka det. Tek han det ikkje, so søkk han. Eller ligg og
138
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>