- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
137

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arbeid og Sparing, kva nytta det? Kvart Grand han
sleit ihop, so kom det ein Tjuv og tok det. Og naar
Lykka var imot, so var ho imot.

Mykje Tjuv og Kjeltring sanka seg ihop her i
Amerika; det hadde han høyrt, og det laut han tru. Kva
kom Folk her etter? Slaa under seg, slaa under seg,
det vilde dei, so mykje dei kunde so fort dei kunde; so
vart her ingin Folkeskikk; det vart glupe Arbeidsfolk,
men endaa glupare Snytarar og Tjuvar. Vera ærleg her,
det var som aa vera Lamb i Vargbøle.

Og so Alvhild! — Naar den Tanken kom, gjekk Blode
til Hovude; Augo tok Eld, Tennane beit seg ihop,
Nevane knyttest; han fælte stundom for Vite. Alvhild,
Alvhild og all Framvoni hans! Han saag henne som ho
stod framfor han den Kvelden paa Haugstad: varm,
frisk, dragande, daarande, med Augo som glødde under
kvite Kvarmar, med Sylgjur som skalv paa det skire
Lin; og han kjende det vel: Live for honom, det var
Alvhild. Misste han henne, var inginting att.

Det var Dagar daa det saag myrkt ut for Leiv.
Sist-paa fekk han Hjelp der han minst hadde venta.

Han raaka Baronen ein Dag; denne glodde paa han.
«Oh! Mr. Hegglid?» sa han; «well; hur mår ni? You
ser ut som en Methodist!»

Leiv fortalde kva som hendt var. Han slutta med, at
kunde han faa Tak paa Tjuven, so skulde det vera
honom ein Hugnad aa slaa han flat. Daa blenkte det
underleg upp i Augo paa Baronen. Han kunde ikkje
vera med paa det, sa han. Kasseraren, «Tjuven», hadde
vori i sin gode Rett. «Hadde du eller eg vori i hans
Stad, og havt hans Vit, so hadde me gjort det same.»

Leiv storstirde.

«Du skynar meg ikkje,» heldt Baronen fram; «nei,
Filosof er du ikkje. Tingen er, at Verdi er ikkje som

137

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free