- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
144

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den Gjentehugen han er so slengin,
dei kann kje hugleggje nokon Drengen;
dei heve ingin i Hjarta kjær,
men ein Slarvehug’e til nokon kver.

Og süme er no so Skades snilde;
mot kvar og ein skal dei vera milde;
mot kvar og ein skal dei fint seg te;
so er det ja mest til kven som bed.

Alvhild kvitna der ho sat. Det var vel Bjørn
Haugstad; dei flaug ut og vilde «tala ved ’n». Men han hadde
alt smett seg av. Dansen tok til att. Og Alvhild heldt
ut, endaa det var ikkje meir enn so vidt ho greidde det.

— Ein annan som gjekk uglad i denne Tid var Asbjørn
Hegglid. Han var meir uroleg for Son sin enn han vilde
vera ved for seg sjølv. Det var stilt Vatn og djup Botn
der; hadde han huglagt ei Gjente, so var det visst ikkje
berre til Tidtrøyting. Asbjørn gruna paa, um han
nokor-leis skulde kunna hjelpe Guten. Det som var i Vegen
for Leiv var Ætti hans. At han var av Innflytjarfolk,
kunde vel no etterkvart hava mindre paa seg. Men der
var Synd i Ætti; og den visste Asbjørn med seg, at han
hadde gjort lite til aa bøte. Det er so rart naar ein er
ung; ein trur at ein berre hev seg sjølv aa tenkje paa ...
Men no vart det eit Spursmaal: skulde ein gjera upp
etter Far sin, so tok ein ifraa Son sin; og var det rett?
Han var daa visst uskyldig; og nettupp no var det god
Raad det galdt um for Leiv. Asbjørn tenkte stundom
paa aa tala med Presten. Men kva Hjelp kunde det vera
i det; han visste kva Presten vilde segja. Dei hadde kje
Griede paa koss Verdi saag ut for oss Smaafolk, slike;
og so var det no i det heile so lett aa døme i anns Manns
Sak. Det vart ikkje av at han tala med Presten. Han
greidde seg fraa Floken paa ein annan Maate: gav tie
Dalar til dei fatige. Men daa det var lyst tridje Gongen

144

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free