Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
for Knut og Alvhild, gav han fem Dalar til. Daa meinte
Presten paa, at Asbjørn var visst meir til Mann enn
nokon tenkte. Det Orde totte Asbjørn han hadde godt
av; og det var ikkje fritt han tok seg Vonir av det han
hadde gjort. —
–Leiv hadde ei hard Ferd. Haust-Stormane dreiv
Fartye att og fram; stundom visste dei kvar dei var og
stundom ikkje. Langt um lengi naadde dei Engelland.
Leiv kom seg umbord i eit Skip som gjekk til Norig;
daa var det langt paa Hausten alt.
Sistpaa var han heime. Han steig i Land paa den
Bryggja der han hadde skilst med Far sin sist; gjekk
so til Skjusskaffaren og tinga seg Skjuss; han vilde
heim-yvi med same. Tok seg ein Sving burt-gjenom den
vesle Byen med’ han venta; kunde ikkje sitja i Ro.
Det hadde ingin Heimbygding kjent Leiv Hegglid att
no so lett. Han hadde vorti skrinn; Andlite var yvigrott
med Skjegg; Augo hadde fengi noko stirande og stridt;
og so var det den framandslege Bunaden. Men Leiv
tenkte ikkje paa det. Han undrast berre paa, korleis
Alvhild vilde taka imot han. Ein Ting trøysta han seg
med. Naar han var komin heil yvi Sjøen etter det han
no hadde gjort, so kunde ikkje det vera for hans Skuld;
det maatte vera so laga: Alvhild skulde hava han. Men
var det so laga... ja Alvhild skulde ikkje trega det, ho.
Og det galne han hadde gjort vilde han rette baade fort
og vel; det hadde alltid vori hans Meining.
Eit Par Bygdekarar strauk framum; kven var det,
tru? Det fylgde deim ein Brennevins-Tev; den eine av
deim var heller høgmælt; Leiv snudde seg og fylgde;
strakst etter smatt dei inn paa ei Ølstogu. Leiv etter;
um han kunde faa høyre eitkvart heimanfraa?
Inne paa Ølstogo sat det alt eit Par Smaa-Lag; dei
Leiv var etter hadde funni sitt Rom inst inn-i den myr-
145
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>