Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kaste Kraai. Leiv fann seg eit Bord ikkje langt
der-ifraa; Ljos vart kveikte; og daa baade saag og kjende
han Karane. Den høgmælte var Bjørn Haugstad; han
var burtimot drukkin alt. Den andre var Lars,
Tenestguten paa Hegglid fyrr, Husmann paa Brubakken no;
kåss kunde han vera komin i Lag med Bjørn, tru?
Dei rødde um Gampar og Hestebyte. Bjørn sat og
stor-kytte av ein Fole han hadde; Lars heldt med ’n og
godprata. Daa Leiv hadde fengi Øle sitt og greidt for
det, vilde han burt og helse paa Kjensfolke sitt; men
han braa-stana og vart sitjande og lyde; eit Bryllaup
vart nemnt; det hadde vori so og so mange gilde
Gampar i Brud-Reidi. Men Folen til Bjørn ...
Av noko som Lars sagde skyna Leiv, at det
Bryl-laupe dei tala um stod i desse Dagar. Det var tridje
Dagen i Dag; og Bjørn hadde berre vori der fyrste
Dagen. Han hadde kje havt noko der aa gjera, banna
han; noko Liv i Lage var der ikkje; og denne Knut’en
var ikkje av hans Folk; elles kunde den Vippe-Sterten
alltid vera god nok aat henne.
Leiv sat og stirde; Munnen hekk halv-opin...
«Ven nok er ho, Trolle,» heldt Bjørn fram; «d’er ikkje
det som vantar, skulde eg tru; det finst ikkje hennar
Make i desse Bygdelag. Og det er vel ikkje mange av
dei likaste Karane som ikkje hev tenkt paa den Drosi;
eg tenkte paa henne eg au ein Gong; Gu gjorde eg so.
Men eg saag snart at ho var ikkje aa tru; og so var ikkje
det meir; eg var daa ikkje galin.» Han hadde gjevi
henne upp, og storbanna paa at det hadde han gjort
Rett i.
«Ja det gjorde du Rett i,» sa Lars. «Slike Drosir
veit aldri kva dei vil; og det kjem det mykje vondt av.
Serleg lite hev visst dei havt aa halde seg til, som trudde
paa Dale-Drosi.»
146
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>