- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
157

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde,
i.

Futen Niels Pedersøn var ein streng og sterk Mann.
Han gjorde ikkje meir godt enn han var nøydd til, men
ikkje meir vondt heller, sagde Folk; og dei hadde Age
for Futen sin. Naar han kom stigande høg og gruv
med sitt lange graae Haar under ei svart Skinnhuve, so
gjekk dei or Vegen for han. Munnen hans var som
hoggin i Stein; og det var ingin som hadde sét Futen
smile. Han var hardmælt og faamælt; det han hadde
sagt stod.

Niels Pedersøn var Enkjemann. Kona skulde ha vori
utor Maaten fager, men myrkdæmd og med ugodslege
Augo. Ho var sjeldan aa sjaa, og mest aldri med Kyrkja;
mange meinte ho dreiv med Ting som ikkje tolde Ljose.
So skulde daa ög den Vonde ha vist seg i Sjukestogo
den Natti ho for.

Med henne hadde Futen ei Dotter som het Gunhild.
Ho liktest Mor si, men var ljosare og gladare. Det var
elles lite sætande, meinte Folk; ho var so ung enno.

Ho var tie Aar gamal daa Mor hennar døydde. Sidan
vaks ho upp paa fri Fot; Faren brydde seg lite um
Dotter si. Ho for og flaug i Skog og Mark; Umgjenge
hadde ho med Tenestfolke, som fortalde henne Sogur
og lærde henne Visur. Andre Ting lærde ho lite av; det
vart sagt at ho knapt kunde Fadervaar daa ho stod for

157

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free