- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
158

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Presten. Fager var ho og frisk og staut; men i Augo
hadde ho noko villt som gav Minning um Mori.

Ho hadde lite Lag med hin Ungdomen, daa ho gjekk
for Presten. Dei fleste var rædde henne; og like sæl var
ho. Berre ei av Gjentune brydde ho seg um, og det var
Signe Lid; henne hata ho.

Signe Lid var ven og ljos, blid av Aasyn og mild i
Lag; Gutane lika henne. Millom deim som hadde
Godhug for Signe var Baard Nes. Men det harma Gunhild.
Naar Baard saag blidt til Signe, fekk ho som
Bringe-verk. Ho lagde seg etter aa draga Augo hans Baard til
seg; daa Baard skyna dette, lika han det.

Tidi gjekk, og Baard fann ut at Gunhild var villare
enn Signe. Venare, stautare; meir glad og meir rask;
meir Sving hadde ho paa seg enn denne stille Lid-Gjenta.
So var det au desse forlivande Augo; Baard var heit,
naar ho saag paa han. Attaat alt var ho rikare og av
Storfolk. Men vel ikkje for stor aat ein Storbonde-Son.
Baard tenkte til sine Tidir mykje paa dette. Men tala
med Gunhild kom han seg ikkje til. Han hugsa og, at
noko Venskap var det ikkje millom Futen og Nes-Folke.

Daa dei var framslopne, vart det sjeldan at Baard og
Gunhild saag kvarandre. Eit danskt Kvende kom til
Futegarden og skulde lære Gunhild upp i finare
Folkeskikk; og Gunhild laut halde seg meir inne.

Men ho brydde seg ikkje mykje um den nye
Upp-fostraren sin. Ho heldt seg i Kjøken og Tenarstogo so
mykje ho kunde; var og stundom ute som fyrr. Baard
gløymde ho ikkje; dei Sundagane det var Messe var ho
til Kyrkja og fekk daa gjerne sjaa han. Men var han
der ikkje, kom ho i Ulag; no var det vel Signe som var
ute att. I slike Tidir kunde ho vera so lite hugleg aa
hava med aa gjera, at gamle Tenestfolk sagde ho vart
meir og meir lik Mor si. —

158

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free