Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Gunhild var burte; sidan hadde han ikkje Fred. Han
fylgde henne i Tankane, der ho gjekk fram gjenom
Skogen aaleine, millom Blom og Blad i tindrande Sol; det
var som det lyfte i han, at han maatte ut og etter; han
tottest kjenne paa seg, at ho alt i eitt snudde seg og
saag etter han. Kor sein han var, denne gamle Tutlingen
til Prest; kor gode Stundir han gjorde seg med kvar
Ting! Sistpaa kunde ikkje Baard herde det lenger; han
stod stilt upp og gjekk, endaa han tottest vita at Folk
forstod kva han gjekk etter. Signe torde han ikkje sjaa
paa, ikkje tenkje paa dessmeir.
Utanfor stod det ein litin Flokk og samrødde; Baard
letst ikkje gaa deim; vilde paa ingin Maate hava Lag.
Naar han kom til Skogs, — kven veit; kanskje han
kunde sjaa seg Kans til aa smette etter henne.
Guten var reint som fraa seg sjølv. Det var slik Eld
og Ange i Lufti; kvart Andedrag gav sæle og
forunderlege Kjenslur. Skogen han gjekk i tottest liva; alt
bøygde seg saman i Solvarme, vene Fargar, søt Ange,
mjuke skuggar, blømande Liv. Han sagde til seg sjølv
i svellande Glede: ho held av meg! og det sagde han
Gong etter Gong, sæl so han heiltupp saup etter Anden.
Og no forstod han, at han elska henne og hadde elska
henne all Tidi. Det med Signe var paa ein annan Maate.
Det var ikkje Elskhug; det var noko anna, noko mildt,
stilt, fredelegt, utan Eld; berre som ein vanleg
Kjen-skap. Men dette var Elskhug; slikt var det Folk
kunde døy av.
Han tenkte ikkje; han hadde Synir og Kjenslur; han
drøymde; han var i Brand; saug Eld or Lufti som
fløymde ikring han solmett og varm med Ange av
tu-sund Blomar. Det var ein sæl Gut. Tjuge Aar gamall,
fager, rik, med god Gjentelykke, — han hadde Raad
med aa vera kaut; han kunde gladeleg drøyme. Fute-
161
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>