- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
163

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det vart stilt ei Stund; so tok det i att, men no berre
eit lite Stykke upp i Lidi.

Aa aldri eg trur paa den kaute Gut;
hans Hug er som Vatne kalde;
den greide og snaale eg vél meg ut,
han er den beste av alle.

No tagna Songen. Baard vart underlegt ved; han
tenkte seg um eit Grand; so song han:

Kven er det som syng so vent i Lid,
alt inni dei Skuggane lange?
Men er du Huldri, so gjev deg Tid;
for meg tek du seint til Fange.

Um eit Bil svara det, men no tett attved:

Aa agta deg vel, du frægde Gut,
alt inni dei Skuggane lange!
D’er leidt aa koma for Huldri ut;
for ho heve daara so mange.

Det gjekk i Baard; han kjende Mæle. No tusla det i
Holte; ein Laatt kom trillande; og fram millom eit Par
Haslegreiner glytte eit Andlit, varmt, friskt, med ein
lystig Smil; eit digert, myrkebrunt Haar valt fram og
var i Vegen.

Det var Gunhild.

Baard stod og stirde, liksom ustød paa um han skulde
tru sine eigne Augo; ho saag det og lo paa nytt. «Ja
tak deg i Vare!» sagde ho. «Du veit ikkje Ojrdet av,
so stend du inni Halli mi i Skards-Nuten, midt imillom
stygge Troll med lange Tryne; og naar du vil ut, er
Portane stengde ... hu, Gut!» Ho var so forlokkande,
at Baard vilde fram-til henne; men so lo ho og sprang
sin Veg.

163

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free