Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Baard etter. Flaug som det galdt Live, Hjarta hamra
i han so det gjorde vondt; Blode susa for Øyro; han
saag liksom Gneistar og uroleg Tindring. «Gunhild!»
Ho sprang; men no var han nærare. «Lat meg tala med
deg, Gunhild!» bad han; og no var han so nære at det
nytta henne ikkje aa røme. Ho snudde seg og stana;
og no var ho bleik, men vart strakst etter raud. «No
gjeng det i Berg med deg, dersom du ikkje —!» lo ho
forkava. «I Berg eller kvar du vil; men lat meg faa
fylgje deg,» bad Guten. «Du er den fagraste eg hev
sét.» Ei vill Glede blenkte upp i Andlite hennar; no
hadde ho vunni! Men ho slo Augo ned og gjorde seg
aalvorsam. «No lyg du,» sagde ho. «Lat meg døy der
eg stend!» braadde Baard i; «hyss!» sagde Gunhild.
«Det same du no segjer til meg, hev du sagt mange
Gonger til Signe.» «Nei! eg hev ikkje! for eg hev aldri
havt slik Elsk til henne. Naar eg ser deg, vert eg ør;
eg skal aldri draga ein Sukk for henne, dersom du vil
lova meg.» Ho glytte upp fraa Sida og smilte so Baard
totte han vart galin; so sagde ho: «eg trur deg ikkje
fyrr eg ser.» «Eg skal gjera alt du bed meg.» «Ikkje
alt!» «Jau, so sant eg her stend...» Daa saag ho fast
paa han og sagde: «so bed eg deg, at du i denne Dag
segjer Signe fraa deg.» «Eg hev aldri lova Signe.»
«Det er ikkje sant.» «Jau det er. Eg hev stundom tenkt
paa henne og tala med henne; men ho hev inkje Ord av
meg um slikt.» «Kann du sverja paa det?» «Ja so dyrt
du vil.» — «Men so skal du lova meg, at du aldri
heretter talar med henne.» «Eg skal ikkje sjaa til den
Sida ho gjeng.» «Er det visst?» «Ja so Gud hjelpe
meg!» — No loga heile den 17 Aars Elsken upp i
Gjenta; stolt var ho for ho hadde vunni, og Folkeskikken
kunde ho ikkje —: draus um Halsen paa han so varmt
og villt at han mest var rædd; og so sa ho: «no skal
164
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>