- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
187

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Stundir paa Golve og leika med eitt eller anna, men
saag undrin og sur burt paa dei tvo som syntest hava
so mykje aa røde um. Dette vart noko med det fyrste
som grov seg inn i Minne paa Guten.

Men det var ymse Slag det han saag av Gamlemor au.
Naar ho var heime og hadde ei Stund fri, so hende det
ofte at ho tok ei Flaske ut or eit Skaap; sette seg lognt
til rettes inn med Borde; slo uppi eit Glas og drakk —
«det letta for Bringa,» sagde ho —; og daa kom ho
alltid i eit framifraa Godlag. Ho prata og lo og
fortalde Sogur, og heldt eit Himils Staak med Baard, som
totte dette stod vel til. Men rett som det var gav ho
Ungen ein Draape med seg av Flaska si. «Drikk,
Tullingen, so vert du sterk!» sagde ho. Baard drakk, men
frynte fælt; Mor Judit lo. Og Baard forstod at det var
eit Karsstykke dette, so gjorde han det upp att oftare,
alt um det reiv i Halsen. Sistpaa vart han so ram etter
Flaska at han bad um Brennevin som andre Ungar bed
um Sukker. Mor Judit lo og totte det var fælt so klok
som den Guten var. Og han fekk ofte det han bed um.
Men ein Gong hadde han krabba upp og funni Flaska
sjølv; og daa tok han til seg so mykje at han vart sjuk
av det. Fraa den Dagen var det Stans ei lang Tid med
Flaska; men dette var ög ein av dei Ting som feste seg
i Minne hjaa Guten.

*



Fraa han var fire Aar laag han og krabba i Gata
utanfor Huse. Den fyrste han der gjorde Kjennskap
med var ein Hund. Men den Hunden høyrde heime i
Grannehuse; og so vart han kjend med Ungane i det
Huse, og sidan med Kjenningane deira, so det sistpaa
vart ein heil Flokk. Millom desse fekk Baard Resten
av si Upplæring.

187

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free