- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
188

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var Fatigfolks Born alle. Dei eldste og sterkaste
av deim vart Fyregangsmennar. So leika dei seg saman
heile Flokken, so godt dei hadde lært. Etter som Baard
voks til, vart han ein av dei fyrste i altslag Moro. Han
hermde etter Mor Judit naar ho spaadde i Kaffi, og
han hermde etter henne naar ho bruka Flaska; strakst
tok dei til og drakk alle ihop, og var fulle og heldt eit
Lurve Leven. Sidan fann han paa aa herme etter hin
Guten som han hadde sét hjaa Ingrid; og straks bytte
heile Flokken seg ut i Par og var Kjærastar; det var
mykje til Moro. Ofte naar Folk gjekk framum der,
laut dei stana og sjaa paa; og dei saag og dei lo; og
dess meir Moro vart det. Det var reint svært so glupe
som desse Smaaingane var til aa herme etter dei
vaksne. —

— Aari gjekk, og Baard voks til. Han vart stor etter
Alderen og sterk og fager, men uvyrdin og kaut; trudde
han kunde gjera kva han vilde. Ofte vart det
Slagsmaal; men han greidde seg i det lengste; fekk dessutan
alltid Hjelp; um ikkje av andre so av Gjentungane. Og
meir og meir vart det so, at dei fleste fann det best
aa verat til Véns med «Prinsen». Han vart som ein
Førar for ein Flokk Gate-Ungdom; og no gjekk det
laust Byen rundt med altslag Gapestykke og
Ugagns-verk. Det som var mest paa Moten var Slagsmaal;
Gategutane førde heiltupp Krig. Fylka seg i Herar,
etter som dei var fraa nørdre eller søre Kanten av Byen,
og heldt heile Slag; Baard, «Prinsen», «Gate-Prinsen»
som han vart kalla, var Førar for «Nord-Heren» og var
ein med dei villaste. Meir enn ein Gong kom han heim
um Kvelden so blodut og sund-rivin at han var fæl aa
sjaa. Paa denne Maaten var det at Baard Baardsson
fekk Resten av si Upplæring.

Mor Judit, som med Alderen vart baade digrare og

188

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0190.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free