Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og Vind, ser De; no ei Stund hev det vori bra; men det
er likt til at han vil snu att.»
— Hans Mikkelsen dreiv att og fram paa Golve og
fortalde; fortalde og lo; Mor Judit sat og glyrde;
Gunhild kjende kvart Orde hans som ein Styng i seg. Slik
ein Gut, so sæl som han no var... bli øydelagd no, nett
som Live hans skulde byrja; kann hende naadde han
ikkje heim, fyrr den Vonde kom og viste han Breve
med Blodskrifti...
Ho sat og stirde og stirde, bleik og stivøygd, so Hans
Mikkelsen vart rædd og gjekk. Slike sjuke Kvinnfolk
lika han ikkje.
Sidan gjekk Gunhild endaa ein Gong til Presten. Me
maatte berge Guten; Presten laut finne paa Raad. Ho
tala lengi med han; fortalde Sogur og Segnir um fleire
som hadde narra den Vonde; Presten visste au um at
slikt var hendt. Men det var likevel raadlaust aa vita
um det no kunde hende. Det spurdest um so mange
Ting. Og det var faae eller ingin av Prestane i denne
Tid, som hadde slik Magt imot den Vonde. Det einaste
Gunhild kunde faa han til aa lova var, at han skulde
tala med den Mannen som var seld — um det skulde
finnast ei Raad. Det spurdest so mykje korleis
Mannen hadde livt; um han hadde synda av Tankeløyse
og i Veikleik, eller um sjølve Viljen hans var vond, so
han ærleg fortente aa koma i Kløane paa den Vonde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>