- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
202

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

styring so fæl, at han knapt kunde faa Naade berre
for sine eigne Syndir!

Ho tenkte yvi alt det som denne Sjømannen hadde
fortalt. Og naar jamvel slik ein Matros hadde funni
Baard villare enn vanlegt, so kunde ein vita at det ikkje
var Smaating det galdt. Den 17—18 Aars Guten maatte
vera øydelagd.

Det verste var at han hadde vori Kvinnesvikar.
Liksom Far hans. Daara Kvinnur; mange Kvinnur.
Gunhild tenkte paa seg sjølv. Ho visste kva det hadde paa
seg for eit ungt Kvende aa koma ut i slikt. Og for
hans Skuld hadde mange misst Livsens Vonir; for hans
Skuld leid mange den verste Naud. Kor mange
Vaa-bønir laag det ikkje alt og brann yvi hans unge Nakke;
kor dyrt han visst var forbanna av desse mange
vonlaust ventande som han med kaat Hug hadde skjemt.
Ho gjekk att og fram i den store Stogo og vreid sine
sveittande Hendar; stana og stod lange Stundir og
stirde, ende ut i Lufti eller ende inn i seg sjølv; for i
sine eigne Tankar livde ho no og ikkje i Verdi.

Med ein Gong blenkte det upp att for henne, at naar
alt kom ihop, so var det ho og ikkje han som hadde
Skuldi. Han kunde ikkje hjelpe at han var slengd
paa Gata millom Herke og hadde lært alt stygt; dei
som banna honom gjorde Urett; dei skulde banne henne.
Ho var Syndaren. Men ikkje ho heller; han der heime,
Baard Nes, han som hadde øydelagt henne, han var
Syndaren; paa hans Hovud skulde alle desse
Vaa-bønir samle seg; h a n skulde lide for alt som var hendt;
for seg sjølv, for henne, for Son hennar; for alle dei
unge sund-rivne Liv; for dei Barneborn som no gjekk
rundt i Verdi og leid vondt og lærdest upp til vondt;
Skuld paa Skuld ut igjenom all Verdi, ut igjenom alle
Tidir, alt til Domedag...

202

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free