- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
204

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

framand Magt; saag deim ikkje; men liksom gjenom ei
Skodd skimta ho ein stor staut Gut med eit svart
digert Haar ... Gunhild flaug fram og vart uppteki
mil-lom sterke, mjuke Armar; ho skalv og ho grét og fann
inkje Ord for seg. Men Baard sagde: «eg visste eg
skulde finne deg ein Gong. At eg fann deg no, det tek
eg som eit godt Merke.» Anna undrast paa, at dei
ikkje vart helsa velkomne; skulde Gunhild ikkje like
at ho fann Son sin gift?

Dei sette seg; Gunhild midt imillom dei tvo unge.
Og ho glytte upp til deim, men torde ikkje sjaa deim
i Augo; Hjarta glødde i henne av Elsk til denne Son
sin, som ho fann forunderleg staut og ven. Det var eit
sterkt, greidt Andlit med noko varmt og fust yvi sine
ungdomsmjuke Drag; han minnte um hennar Folk meir
enn um Nes-Folke. Og Anna! Noko so ljost og fint
hadde Gunhild aldri sétt; for henne som gjekk her
ned-kvævd av fæle Minne og rædde Tankar syntest ho som
ein Engel ifraa Himilen. Ho treiv henne til Slutt i eit
stort Tak og drog henne tett inn til seg; det var som
ho søkte Frelse hjaa henne. Baard sat og saag paa og
smilte, byrg og gild; no tottest han vera ein Gong til
so trygg paa at han aatte den beste Gjenta paa Jordi.
Og han reiste seg i si store Glede og drog ein djup, sæl
Sukk: «no skal me liva Mor!» sa han.

Og han fortalde, halvt aalvorsamt og halvt
skjemtande, at det var Anna som hadde gjort han til
Menneskje. «Fyrr var eg ingin Mann; eg var ein Varulv.
Ei Trollkjering hadde kasta Dyreham paa meg; eg
gjekk der so vill som Varg i Skog og øydelagde alt eg
saag og meg sjølv med. Naa! no er det slutt. Den
vesle Prinsessa der hev frelst meg; og no hev eg funni
Mor mi; no hev eg alt som skal til for aa liva godt og
vel; og no tenkjer eg me skal faa det godt alle.» Anna

204

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free