Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
lagde seg sæl inn til han; han smilte lystigt til Mor si.
Tvifald vondt var det for Gunhild no. Der stod Guten
ung og sterk og glad, med Live framfor seg; det stygge
og vonde hadde han stridt igjenom, det gode og sæle
hadde han etter; no var han framfødd; no skulde det
byrja; og so, i same Stundi, kom ho, Mor hans, yvi han
som ein svart Lagnad, med Likferdsbod, med
Grav-klokkur, med det fælaste av alle Bod: um nokre Dagar
skal du ut av Live; um nokre Dagar skal du ut or di
nyreidde Brudgomsseng og beint til Helvites Avgrunn ...
Dei tvo unge stod der som avdaamde. Gunhild bleikna
burt for deim, treiv um seg i Lufti og seig i Uvit. Kva
i Guds Namn var tids?
«Ho vart visst altfor glad,» sagde Baard. «Ho døyr
vel ikkje?» spurde Anna. «Nei,» meinte Baard. Dei
hadde lagt henne upp paa ein Sovebenk og dynka henne
kring Panna med kaldt Vatn; snart etter vakna ho.
Anna kom mest paa Graaten, daa den gamle slog Augo
upp att. «Kjære, er det noko som feil deg tungt?»
sagde ho. Gunhild saag paa henne med stive urolege
Augo og tagde. Endeleg braut det fram som ein Sukk:
«stakkars Barne mitt; stakkars Barne mitt!» Anna
Svar var ikkje aa faa.
Baard tok til aa undrast. «Kor er det med deg, Mor?»
spurde han. «Du maa ikkje sjukne fraa oss no, naar me
hev funnist og skal hava det godt!» Ho varde for seg
med Handi. «Ikkje no, ikkje no,» bad ho; «ikkje no!
Sidan! aa Herre Gud, sidan!»
Baard og Anna saag paa kvarandre. Det kom som
eit vondt Varsl yvi deim, dette, og gjorde deim uglade.
Gunhild laut aat Sengi. Der laag ho ei Stund med
Hendane i hop yvi Panne og Augo; so sagde ho at ho
vilde sova, og Baard gjekk ut. Anna sat hjaa henne;
Gunhild seig etterkvart av i ein Døs.
205
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>