Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
skreik. Innanfor var fælande stilt; men ei vaat, tung
Steinluft stod imot deim som or ein Kjellar; og for
kvart Stig gav det Attergny rundt alle Kvelvar og
Krokar, so det høyrdest som mange gjekk. Her lyddest
Stormduren fjernare, men holare og tyngre; det var
som Toredim attum ein Bergaas, men med lange Yl
gjenom Gluggar og Taarn. Baard kjende Kaldsveiten
renne nedyvi Andlite sitt, og heldt Presten i Handi med
eit hardt Tak. Men han kjende, at ho skalv, den Handi
han heldt i.
Kyrkjegolve fekk aldri Ende. Det var som dei stod
og steig paa same Flekken og ingin Veg kom. Kalde
Gustar strauk linnt imot deim; det kjendest som
Kau-sing av lette Hendar eller som Pust or usynlege Gap.
Kvite Lakan skimta fram og gøymde seg attum Sular
og Murkantar; og uppyvi deim, og rundt under
Kvelvane, høyrdest liksom kvævde Vengjetak. Det veike
Lykte-Ljos gleim ustødt burt-yvi Stoleradine og vakte
lange, urolege Skuggar som flutte seg og flydde og
mengde seg att med det store Myrkre innmed Veggine.
Endeleg naadde dei Altare; no var dei framme. Baard
saup djupt etter Anden; paa denne heilage Staden
kunde ein vel vera trygg, helst naar ein hadde ein Prest
med seg. No kveikte Presten Altarljosi; bad so Baard
leggje seg paa Kne innmed Altare. Baard so gjorde;
der laag han halvløynd attum Prestekjolen. Presten
snudde seg fraa Altare og slo ein vid Krins kring seg
i Lufti med Handi; so gjorde han Krossteikne til alle
Sidur og tok til aa beda. Han bad fyrst Gud tilgjeva,
at han kom fram til hans Altar med ein so syndig
Mann, som i alle sine Dagar hadde livt i Agaløyse og
Vantru; — «men no hev han bøygt seg og gjevi seg i
ditt Vald, og søkjer her audmjukeleg din Naade; difor
bed eg for honom, og bed deg av di endelause Miskunn
220
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>