Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Letting gjenom Kyrkja, og eit Brak av Nasar som
snytte seg, fleire hundra Nasar som snytte seg grundigt.
So vende Presten seg til Vaarherre og bad, at h a n
vilde hjelpe dei unge til aa lova ærleg og halde heilt;
for dersom han ikkje gjorde det, so visste me at dei
ikkje kunde. Dette heldt han paa med til han var haas;
og daa trudde han at han fekk hava Lov til aa slutte.
Kyrkjefolke heldt med han i det; Ungdomen daa visst.
Solmurane gjenom Rome hadde svinga og svinga og
stod no paa Snid nedgjenom Kyrkja og vilde vera ute
snart. Uppe paa Orga gjekk Konfirmasjonssalmen i
rolege faste Koralstig, rullande og tung i Basen, mjuk
og søt og eit Grand tilslørd i Tenoren; Kyrkjelyden
song. Daa Salmen var til Endes, vart Ungdomen tekin
upp til Altare i Avdelingar og konfirmera. Graaten tok
til att; Aalvor laag yvi det heile.
Det var 81 Konfirmantar, 38 Gutar og 43 Gjentur.
Presten som sjølv var trøytt no, ekspedera deim ein for
ein rett fort; og dei forsikra alle ihop, at dei forsaka av
heile sitt Hjarta Djevelen og alt hans Væsen og alle
hans Gjerningar. Det gjekk so taktfast og trygt, at det
maatte gjera Kyrkjelyden godt aa høyre paa.
Dei som var framme fyrst grét. Dei som kom seinare
tok det meir rolegt; mot Slutten grét ingin; og ingin
høyrde etter heller; Kyrkja var trøytt; Solstraumane
var ute for lengi sidan; Rome myrkna mot Kvelden.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>