Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
nokre Aar fyrr ho batt seg. Ung var ein berre ein
Gong; trulova seg kunde ein alltid.
Anne Malene lo naar ho tenkte paa, kor mykje Moro
ho skulde hava fraa no og til ho var tjuge Aar. Her
var mange snaale Gutar aa danse med uppgjenom Tidi;
og ho kunde danse med deim trygt, tenkte ho; alle visste
at det var han Per som skulde hava henne.
Heime stod Maten og venta; god Mat, sterk Mat; og
der var tvo Mostrar og ein Farbror; og gamle Far
Mattis heldt Brennevin; og der vart Gaman og Glede.
Ut paa Kvelden kom han Per. Saman med tvo andre av
Gardsgutane kom han stimande; Brennevin hadde dei
med seg. Per hadde alt drukki eit Glas eller tvo; og
no skulde dei drikke med han alle. Nei! so rar som han
var. Og so mykje Moro han fann paa; og so fritt som
det var aa vera vaksne! Sistpaa kom han til Anne
Malene med Glase; «du skal ha sist som er den minste,»
sagde han. «Dei minste skal ikkje hava Brennevin,»
meinte Anne Malene. «Jau Pinedø,» sagde Per; «no skal
du drikke; for det er fyrste Gongen eg skjenkjer deg;
og den siste vert det ikkje! Hei su og du, aassaa su
aassaa du,» song han; «drikk no! Er du vigtig?» Nei
det var ho ikkje. «Er du heilag daa?» «Aah!» Alle i
Stogo lo. «Hell hev du skrivi deg inn i Pottemaale
kanskje?» «Korkje i Pottemaale hell i noko Slags Maal!»
«Ja i Giftarmaale kjem du no tilslutt likevel; men drikke
Brennevin maa du kunna! Hei su aa saa du — naa
daa?» — «Aa du kann alltid smaka paa det, naar han
byd deg,» meinte ho Astrid. «Aa jamenn kann du so,»
sagde Mattis. Anne Malene totte det var rart, men
morosamt overlag; ho tok Glase og sagde Skaal og
drakk. «Stikk ut,» sagde han Per. Nei; no var ho
fornøgd. «Fornøgd? no? Heh; eg vil ha deg til Kjering
eg, er du likso fin paa Maten som du er paa Drykken!»
243
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>