Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
rolege Mannen til aa læ som ein litin Gut. Og Munnen
hans fekk ho paa Gang, so at han, som alle sine Dagar
hadde vori faamælt som ei Skildvakt, han skravla no i
Veg som ein Skreppekar. Men den som kunde vera med
i eit lystigt Drøs, det var Anne Malene. Ho var ikkje
rædd for eit sterkt Ord, ho; skjemta med jamvel um
Ting som Kvinnfolk i Byen ikkje visste um dei torde
nemne; kvik og glad var ho som ein Kattunge. Men so
uskyldig som ho var! Reint eit Barn!
Næste Gongen kom Jens Carlstad ein Dag, daa han
hadde ein Tanke um, at dei gamle ikkje var heime. Det
var dei ikkje heller; og han sakna deim ikkje. Anne
Malene fagna han vel; og dei sat og rødde um inginting
ei god Stund. Jens gjekk heim i smilande Tankar. Han
maatte reint ut segja at han var glad i denne
Gjent-ungen. Ja ikkje paa den Maaten; men ho var so ulik
alle dei andre han hadde sét. Heime paa hans Kant var
ikkje Gjentune slike; minst hans egne Systrar,
Lens-mannsdøtrane; og i Byen var dei heller ikkje slike. Og
so skulde denne Gjenta kasta seg burt til ein Trehest,
e inPatent-Idiot som denne Per Tjerandsen. Det var for
gali, totte han. Helst daa ho nok ikkje brydde seg stort
um han, som rimelegt var... Jens Carlstad smilte.
Sjølv vilde han ikkje Gjenta nokon Ting; sjølvsagt!
han var forlova; og dessutan hadde han Moral. Og for
det tridje ... med eit Ord: han var forlova. Og han
heldt av Jenny; sette Pris paa Jenny. Ho var eit
Aands-menneskje; fin, bleik, interessant; god Upplæring;
Pianoforte; tysk engelsk fransk; Kunstsans; Sans for
Poesi og for Natturi; slik maatte den vera som han
skulde ha. Anne Malene var berre Kjøt, ho, stakkar;
men — ja, han visste ikkje; men i Godlag kunde ho faa
han. Naa; sjølvsagt; det kunde Jenny au; ho var baade
snild og blid. Den Gongen han vart glad i henne, var
246
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>