Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ho ein heil Villkatt; men daa var ho berre trettan Aar.
Sidan hadde ho visst sverma eit Grand for denne
Pianisten ... Gud veit; kannhende var det daa, ho fekk
so mykje aandeleg Sans, og vart meir aalvorsam. Naa;
Hovudsaki var, at ho hadde svara ja daa han fridde; og
det hadde ho gjort fint. God Stil; strengt ortografiskt.
Han hadde tala for lite med henne enno. Tri Gongir
hadde han gjevi henne ein sedeleg Kyss, eller tvo
Gongir, dersom ein rekna strengt; for den eine Gongen
fann han ikkje Munnen; det var det heile. Men denne
galne Gjentungen her — hm! Den som visste korleis
det gjekk til! men i Dag, i denne Dag, utan eit Ord,
reint av seg sjølv... han hadde kysst henne! hadde
ikkje sansa etter um Kyssen var sedeleg dessmeir. Aa,
han hadde fari aat som ein Noksagt. Det var ingen
sedeleg Kyss. Det var ein sanseleg Kyss; aa — uff.
Og ho vart ikkje vond! Ikkje meir enn Kattungen vert
vond, naar du stryk han yvi Ryggen! Det var ein søt
Unge. Og Jens Carlstad hadde ei usedeleg Kjenning av
at han var glad ... uff, glad. Aa, han skulde aldri gjera
det meir, aldri. — Aldri!
Han kunde snakke med henne, kannhende skjemte
med henne so smaatt, naar det høvde seg so; men i Tukt
og Ære; og det som i Dag hadde hendt, det maatte vera
gløymt for all Tid; nedsøkkt i Lethe; ja, i Lethe. —
— Han snakka med Anne Malene so smaatt, og
skjemta med henne naar det høvde seg so, baade i Tukt
og Ære; men ein Gong høvde det seg so, at det gjekk
reint gali med deim. Jens Carlstad var ein Kjeltring!
Han hadde forført henne! Det stakkars uskyldige Barne
som hadde havt so trygg ei Tru til han, — no visste
ho kva han var for ein Kar. Og Jens Carlstad var grov
mot seg sjølv, og banna seg sjølv, og agitera seg upp
mot seg sjølv med alle dei Raadir han visste... og var
247
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>