Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Syndarar var me no. Men gjera Synd utan vondt
Samvit, det var uforsvarlegt. So gav han seg til aa snakke
Moral for Anne Malene. Han minnte henne um Bygdi;
um Bygdesnakke; kva Folk vilde segja um slik ein
Ting som at dei tvo var Vénir. Anne Malene meinte
ho skulde narre baade Bygdi og Bygdesnakke; ho gjorde
som ho vilde, ho; og det som ingin visste kom ingin
ved! Med Laatt og Glede fortalde ho han, kor god ho
var til aa ljuge; og kva ho hadde funni paa til aa slaa
i dei gamle, so ho kunde koma her ut; og dei Lygnine
ho hadde sett i han Per fortalde ho au; for Per hadde
alt sine Mistankar. Det var ikkje so greidt aa vera
Anne Malene heller, maatte han tru.
Jens Theodor Carlstad vart ille ved. Det var
meiningslaust, dette; Gjenta hadde lært seg til aa tru, at ho kunde
gjera kva ho sjølv vilde; hadde ikkje Samvit; var som
ein Villmann; visste ikkje Skilnad paa godt og vondt.
Han maatte lære henne upp. Ho maatte forstaa og vita
kva ho gjorde; maatte lære aa vera moralsk. Han vart
aalvorsam og myrk og sagde henne fleire sanne Ting;
og so kom Anne Malene i lag. «Tek no du au til aa
bryggje Edik,» sagde ho. «Skal eg ikkje faa Fred hjaa
deg heller? Eg trudde ikkje du hadde Hug til aa gaa
og syte og vera heilag og syrgjeleg som ei Kyrkjebok!
Du var hyggjeleg fyrr, og eg lika deg godt; du brydde
deg ikkje; du var likeglad og fornøgd og ein Pratmakar,
hyggjeleg og kjapp paa Munnen som ei Kaffikvern; men
no sit du der som eit Litani; og sukkar og set Augo
som du var botferdig; og er so sur og syrgjeleg som det
var han Per; og tagall og tankefull som ein Vegstolpe.
Hev eg gjort deg noko? hev eg kje vori snild mot deg
og gjort alt du vilde?» Jau; Jens kunde ikkje negte
det. Men ho maatte daa forstaa, at det dei her gjorde
var tankelaust og mot all Folkeskikk, og at det einaste
250
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>