Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tigge og beda at ho ikkje maatte vera vond. Ho maatte
ikkje. Ho maatte ikkje. Han hadde ikkje meint noko
vondt; det vil segja han hadde — han — han vilde
berre beda henne at ho ikkje maatte vera vond. Han
tok Handi til seg att og sagde noko um, at han vilde
agte seg, eller taka seg i Vare, eller... og so gjekk
ho. Men strakst etter snudde ho seg og smilte og helsa:
«adjøs, Postassistent!» og var med ein einaste Gong den
same som fyrr. Glad, trygg; uskyldig! Ho hadde aldri
synda; han laut tenkje seg um. Tok Skam til aa
ræd-dast fyri, at heile den store Syndi berre kunde vera ein
Draum.
Fraa den Tidi var dei Vénir. Dei hadde ein svært
greid og god Møtestad attum ein Haug ved ein stor
Stein; og under den same Steinen hadde dei Postkantore
sitt. Heile Verdi si hadde dei der; alt det andre som var
i Verdi, det var ikkje noko.
Men i Grunnen var Jens Carlstad ein moralsk Mann.
Og kvar Gong han skulde upp til den Steinen, heldt han
ein Tale til seg sjølv um kor gali dette var, og at han
aldri i Verdi vilde gjera det. So gjorde han det. Og naar
det var gjort, pinte han seg med Samvitsgnag og
aande-leg Sjølvpisking det bedste han kunde, og kjende seg
som ein Skarv. Han burde sputta seg sjølv i Augo,
burde han!
Paa den Maaten hadde ikkje Anne Malene det, so vidt
som han kunde skyna. Ho saag aldri ut til aa hava
vondt Samvit; saag sin Vén Carlstad likso trygt og
truskyldigt i Augo no som fyrr. Og var likso glad; likso
fornøgd; der var inginting i Vegen. Ho var ikkje rædd
Folkesnakke dessmeir. Det saag beint fram ut til at
ho ikkje visste av at ho gjorde noko gali.
Jens Carlstad forstod ikkje dette; han fann det
uhyggjelegt. At Folk gjorde Synd, det fekk so vera;
249
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>