- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
257

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Anne Malene etter. Skogmannen kunde nok ikkje hjelpe
henne. Og no, som sagt, var det avgjort.

Eit halvt Aar etter hadde dei Barnedaap. Det var vel
snart; men slikt hender. Og Anne Malene brydde seg
ikkje um det; Bygdesnakk beit ikkje paa henne. Ho tok
det for lett.

Det vart avgjort at Veslegut skulde heite Tønnes;
Tjerand var so stygt, totte Anne Malene. Ho var glad i
Ungen, so der ikkje var Meining i det; men Per slo paa,
at «han liktest paa Mor si meir enn paa Far sin». «Det
gjer dei fyrste ofte,» lagde Mor Astrid inn. Daa dei
hadde Barne til Kyrkja, fylgde Anne Malene sjølv med;
ho vilde sjaa etter at alt gjekk rett til, maa-tru. Mangt
kunde hende slik ein litin Tull, naar ikkje Mori sjølv
var til Svars.

Fem Born var til Daapen den Dagen, og av dem eitt
som officielt var uægte. Fram stod Presten og
forklaara, at desse fem, liksom alle andre, var fengne i
Synd og fødde i Misgjerning og var av Naturen Vredens
Børn. Men gjenom Daapen skulde dei faa Naade og
Utløysing av Syndi og Liv og Sæle og alt godt og koma
inn i Samfunde aat dei heilage. So bad han til Gud for
desse hans «Tjenere og Tjenerinder som bede um din
Daabs Gave», at dei maatte faa det dei bad um, og at
Døri maatte latast upp for desse som banka; las
deretter det som stend i Testamente um Daapen; og daa han
soleis tydeleg og klaart hadde forklaara for dei smaae
all Ting — og Klokkaren sagde Amen, so det var
sant —, drog den heilage Handling seg upp til
Døype-fate.

«Tønnes,» sagde Presten. «Forsager du Djævelen?»
og alt hans Væsen? og alle hans Gjerninger?»

Ja. Tønnes forsaka Djevelen, og alt hans Væsen, og
alle hans Gjerningar.

257

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0259.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free